– Stort inntak den siste tida gjer at vi er nøydde til å setje på bremsen, og vi kan dessverre ikkje ta inn fleire dyr no, seier Beate Green, leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.
Trenden er den same fleire stader i landet. Mange vil bli kvitt korona-kjæledyr, og det kjem i tillegg til alle dyra som treng hjelp av andre grunnar.
– Fleire av våre lokalavdelingar rapporterer om sprengt kapasitet, seier leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset.
I Sogn og Fjordane må dei seie nei til hundrevis av kattar som sårt treng hjelp, seier Green.
– Dette er noko av det tyngste eg har gjort. Det brest i hjartet.
– Fleire angrar på valet
Veterinær og eigar av Karmsund dyrehospital, Bernt Lande, meiner han no merkar at fleire angrar på valet om å skaffe seg katt. Lande har vorte spurt om å avlive friske dyr, noko han ikkje vil gjere.
– Vi har opplevd ein auke i pandemien. I sommar har vi fått førespurnader fleire gonger i veka, fortalde dyrlegen til NRK tidlegare i haust.
Også dumping av kaninar er eit problem, fortel Roaldset i Dyrebeskyttelsen Norge.
– Vi veit at ein del dyrebutikkar var tomme for kaninar våren 2020. Vi ser no konturane av ein boom av dumpa kaninar, seier ho.
- Les også:
Bølgje av korona-kattar
Green seier det er fleire ting som gjer situasjonen prekær.
– No kjem bølgja av kattane som folk skaffa seg under pandemien. I tillegg er det fleire kattekoloniar rundt omkring, seier ho.
Green seier det går det mot rekord i kor mange dyr dei har teke imot. Eit enkelttilfelle med ein kattekoloni med mange sjuke kattar har også teke mykje av kapasiteten i den lokale dyrevernforeininga.
Når det gjeld dumping av kattar, meiner organisasjonen det er to tiltak som må til for å sette ein stoggar praksisen.
– Vi har ein draum om at det blir påbode med ID-merking og kastrering, seier Green.
Også dyrlegar har tidlegare teke til orde for eit slikt påbod. Det same har Foreningen for omplassering av dyr (FOD) gjort.