Hopp til innhold

Sp sprikar i alle retningar

Nedlegging eller ikkje? Og kva skular? Etter Senterpartiet sitt fylkesråd i går sprikar det i alle retningar.

Jenny Følling og Karen Marie Hjelmeseter på Sp sitt fylkesråd

SPRIKA I ALLE RETNINGAR: Gruppeleiar Jenny Følling gav fylkestingsrepresentantane lov til å gjere som dei vil. Her saman med fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Fylkesrådet i Sp gav ingen tydelege signal i går om at dei nedleggingstruga vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane må vernast.

Med færre elevar og mindre pengar må det gjerast grep, og fylkesrådmannen har allereie lagt fram forslag til kutt – skulane i Høyanger, Stryn og Luster må vekk.

Fylkestingsrepresentantane Per Kjøllesdal frå Stryn kjempar for skulen i sin kommune, og håpa å få med seg partikollegaene.

– Eg håpar det er det vi konkluderer med. Eg veit at det er andre som er einige med meg, men eg har ikkje tald opp akkurat kor mange, sa han før møtet.

«Skal ha, skal ha»

Ivar Kvalen

IKKJE OVER ALT: Ivar Kvalen vil ikkje kutt litt over alt.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK
Per Kjøllesdal

STRYN: Per Kjøllesdal håpar å få med seg partiet sitt for å frede skulen i Stryn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Sigurd Reksnes

VIL LEGGJE NED: Sigurd Reksnes i Eid Sp vil leggje ned skulen i Stryn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Jenny Følling

LITE MINNA OM FREDING: Då Jenny Følling avslutta møtet i går.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kvar lokallagsleiar fekk fem minutt kvar og raskt såg ein at Per Kjøllesdal og Stryn, og resten av Nordfjord, har ei utfordring.

Morten Askvik i Hyllestad prata om måsen som berre skal ha, skal ha.

– Vi kan ikkje alle seie at vi skal ha det som i dag, av den enkle grunn at det ikkje er ressursar til det, seier Askvik til NRK.no.

Han vil slett ikkje frede verken skular eller linjer på dei forskjellige skulane.

– Eg vil ikkje frede noko her og no.

Vil ikkje kutte litt over alt

Også Ivar Kvalen frå Luster, som sjølv tek nederlaget med å godta nedlegging av ein skule, ordlegg seg på ein måte som i alle fall ikkje kan forstås som ei freding.

– Eg har sagt at ein modell der ein tek litt alle plassar er ein veldig farleg modell.

– Betyr det at du seier at Høyanger og Stryn bør leggjast ned?

– Eg vil ikkje vere så konkret på det, men vi skal spare 92 millionar kroner. Noko må gjerast, seier Kvalen.

Eid vil leggje ned skulen i Stryn

Sett vekk frå vern av Hordalandsavtalen prata alle stort sett varmt om å verne sitt eige, og sa lite om dei andre. Rett nok får Stryn støtte frå naboen, Hornindal, og Høyanger frå naboen Balestrand.

Men på eit tidspunkt slo idyllen i Nordfjord sprekker. Lokallagsleiar i Eid Sigurd Reksnes, som også er nestleiar i Sogn og Fjordane Sp, vil leggje ned skulen i Stryn.

– Det det tal klassar som er lagt opp til i Nordfjord no, så er det ikkje grunnlag for fire skular, seier han.

Han vil heller ha vekk ein skule, enn å ta litt frå kvar av dei.

– I skulebruksplanen er det føreslått eit nedtak på 350 elevplassar, 250 av dei er føreslått fjerna i Nordfjord.

– Vi kan ikkje svekke dei tre attverande skulane ytterlegare med å ta tilbod derfrå for å halde oppe fire skular, seier Reksnes.

– Så då meiner du at ein skal leggje ned skulen i Stryn?

– Slik saka ligg no, så er det vanskeleg å sjå noko anna utveg.

Står fritt til å gjere som dei vil

Dermed må Per Kjøllesdal og partikollegaene frå Stryn sjå at få vil verne deira skule.

Fire timar fylkesråd gav gruppeleiar Jenny Følling så sprikande tilbakemeldingar at fylkestingsgruppa kan gjere akkurat slik dei vil og framleis ha ryggdekning for det.

Då ho gjekk på talarstolen var det lite som minna om at Stryn eller Hornindal var freda for Senterpartiet sin del.

– Våre førebelse konklusjonar er at vi trur det går an å ta utgangspunkt i fylkesrådmannen si tilråding.

– Vi synest det er gjort ein ansvarleg jobb for å balansere ulike omsyn og kome med ei tilråding som også gir den innsparinga det er behov for.