Hopp til innhold

– Uheldig å fjerne idrettslinene

Høgskulelektor Frode Fretland fryktar følgjene av berre ei idrettsline i fylket.

Idrettsliner kan bli fjerna

VIL FJERNE: Idrettslinjene i Florø, på Sandane og i Stryn står på kuttlista til fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Fotomontasje

Fylkesrådmann Tore Eriksen vil samle alle dei fire linene ved den eksisterande lina i Sogndal.

Lektor Frode Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, trur mellom anna det sterke skiskyttarmiljøet i Stryn vil bli råka om tilrådinga blir følgd.

– Dersom vidaregåande skule forsvinn frå Stryn, så vil det heilt klart vere eit sakn. Tilsvarande kan ein også seie at vidaregåande skule med idrettslinje forsvinn frå Sandane, så vil det også vere eit klart sakn, seier han.

– Utfordring for idretten

Det var 16. mai at fylkesrådmannen la fram fylkesadministrasjonen si tilråding til framtidig struktur for den vidaregåande skulen.

Tilrådinga gjekk mellom anna på å leggje ned Stryn vidaregåande skule og flytte idrettsfaga frå Firda vgs., Flora vgs. til i Sogndal.

– Det vil nok vere ei utfordring for idrettsrørsla. Du greier ikkje å vege opp det ved å ha ei samling i Sogn og Fjordane. Dei idrettane som blomstrar, dei blomstrar i lokalmiljøa. Anten det er på Sandane, i Stryn, Førde, Flora eller kvar det er, seier Fretland.

– Definitivt uheldig

Idrettselevar ved Stryn vidaregåande skule

MANGE TALENT: Fleire skiskyttartalent, som Johannes Thingnes Bø (f.v.), Mari Sollid Eide, Johan Eirik Meland, Heidi Flo Bødal og Isak Flo Bødal, har vore elevar ved Stryn vidaregåande skule.

Foto: Ove Sveen, Fjordingen

Lektoren har evaluert prosjektet Topp idrettsutvikling der målgruppa er ulike idrettsmiljø med utøvarar i slutten av tenåra. I samband med det, har han sett på viktigheita mellom fleire av dei vidaregåande skulane og dei lokale idrettsmiljøa.

I Stryn er skulen kjend for å ha fått fram fleire av landets fremste skiskyttarar.

– Det kan sjølvsagt bli bra når idrettsorganisasjonen får summa seg og brukt litt tid på det, men på kort sikt trur eg det definitivt blir uheldig, seier Fretland om å fjerne idrettsliner.

Usamd med lektor

Norvall Nøringset

USAMD: Norvall Nøringset.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Norvall Nøringset, leiar i opplæringsutvalet på fylkestinget, deler ikkje skepsisen til Fretland.

– Eg trur at idrettsmiljøet er så sterkt mange stadar, at det håpar eg vil overleve uansett. Innspela har eg fått frå leiarar, trenarar, idrettsungdom og enkelte foreldre, er at dei fleste ungdomar som driv idrett i første omgang vil bli verande i klubben dei trenar, seier Nøringset.