Hopp til innhold

Høgre ønskjer fritt skuleval

Sogn og Fjordane Høgre vil jobbe for at elevar framleis kan søkje skuleplassar på tvers av fylkesgrensene.

Noralv Distad

VIL HA FRITT SKULEVAL: Høgre-leiar Noralv Distad og resten av Sogn og Fjordane-gruppa vil jobbe for at Hordalandsavtalen skal halde fram.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det skriv avisa Firda. Den såkalla Hordalandsavtalen stod på kuttlista då fylkesrådmann Tore Eriksen la fram forslaget sitt til skulebruksplan for dei vidaregåande skulane i fylket.

Hordalandsavtalen er ein avtale mellom fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland som gjer at elevar frå Solund og Gulen kan gå på Austrheim vidaregåande skule.

Rundt 40 elevar har nytta seg av tilbodet, og årleg at avtalen kosta Sogn og Fjordane fylkeskommune mellom seks og ti millionar kroner i året.

Eit ideologisk prinsipp

Høgre-gruppa skal no handame forslaga frå fylkesrådmannen.

– For Høgre er det eit ideologisk prinsipp med fritt skuleval for elevane - også på tvers av fylkesgrensene. Det er difor klart at Høgre vil jobbe for at Hordalandsavtalen skal halde fram, heiter det i ein uttale frå partiet.

Torsdag sa Gulen-ordførar Halvard Oppedal (Sp) til NRK.no at det vil vere ei katastrofe for kommunen om avtalen forsvinn.

– Dette er den einaste moglegheit ungane våre har for å bu heime medan dei går på vidaregåande skule. Vi har igjen andre moglegheiter, då tømmer vi heile kommunen for ungdomar, sa ein fortvila ordførar.

Avgjerd i juni

Fylkesadministrasjonen vil leggje ned dei vidaregåande skulane i Luster, Høyanger og Stryn. Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Jølster er også føreslått avvikla. Det same gjeld Hordalandsavtalen.

Det er fylkestinget som skal ta endeleg stilling til framtida for skulane på fylkestinget 11. og 12. juni.