SV usikre på Hordalandsavtalen

SV har ikkje konkludert med noko i skulesaka, men vedgår at dei er usikre på framtida til Hordalandsavtalen.

Vibeke Johnsen

BEST MOGLEG TILBOD: Vibeke Johnsen i SV understrekar at det viktigaste for partiet hennar er at skuletilbodet til ungdomane i fylket blir best mogleg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Framtida til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane var heitt tema då fylkesstyre i SV i går hadde møte.

Nestleiar Vibeke Johnsen seier dei førebels ikkje har konkludert med noko, men trur dette blir konkretisert på eit medlemsmøte til helga.

– Vi har ikkje konkludert på kva skular som må ofrast. Vi kan sjå på ulike modellar, men vi må sjå fylket under eitt, og kva som gir eit best mogleg tilbod for elevane i Sogn og Fjordane.

– Det betyr blant anna at vi er usikre på Hordalandsavtalen, fordi vi primært ønskjer midlane til bruk i eige fylke, seier Johnsen.

Overraska over Ap

Mindre pengar og færre elevar i den vidaregåande skulen gjer at politikarane i fylket må gjere tøffe val i tida framover. Det må gjerast grep for å spare pengar, og fylkesrådmannen har føreslått å leggje ned skulane i Høyanger, Stryn og Luster.

I tillegg er Mo og Jølster si avdeling på Vassenden føreslått nedlagd, og Hordalandsavtalen er føreslått avvikla.

Fylkestingsgruppa til Ap har allereie sagt at dei vil frede skulane i Høyanger og Stryn, men har førebels ikkje funne ut korleis dei skal finne pengane for å kome i land med kutta.

Det overraskar SV.

– Vi er litt overraska over at Ap så tidleg seier kva dei vil ha, utan at dei samtidig seier kor kutta skal takast, seier ho.

Håpar på raudgrønt kompromiss

Ho seier SV ønskjer inngå eit raudgrønt kompromiss om kvar skulekutta skal takast.

– Vi vil utfordre våre raudgrøne kollegaer i Ap og Sp til å kome til semje, slik at vi finn ei ordning som er berekraftig over tid.

For SV blir føreseielegheit viktig.

– Vi må finne ei løysing som er god for ungdomen i fylket framover. Det blir ikkje gode ordningar om ein skal ha stor uvisse i samband med budsjettforhandlingane kvar haust, seier SV-politikaren.