Hopp til innhold

Kan måtte betale dyrt for tome bygg

Ubrukte skulebygg kan bli millionsluk for fylkeskommunen. – Meiningslaust, meiner ordførar.

Ordførar Anders Ryssdal i Trivselshagen. Til høgre faglærar Ole Morten Mardal.

NEDLAGD: Idrettslinja ved Firda VGS er føreslege nedlagd. Det skjer samtidig som ein ny fleirbrukshall, spesialtilpassa nettopp idrettslinja, snart står ferdig. Her er ordførar Anders Ryssdal innom. Rektor Hallgeir Hansen til venstre, faglærar Ole Morten Mardal til høgre.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune kjem truleg til å ha store kostnader på bygg der dei legg ned skular eller utdanningstilbod.

Berre sidan 2005 er det investert nesten ein milliard i skulane, og det er usikkert kva fylkeskommunen eigentleg vil sitje att med om dei prøver selje dei.

I Gloppen har dei i tillegg forplikta seg til å vere med i gigantprosjektet Trivselshagen på Sandane.

Der står snart eit splitter nytt idrettsbygg klart, samtidig er idrettslinja ved skulen føreslått nedlagd.

– Det er totalt uforståeleg, seier faglærar Ole Morten Mardal ved Firda vidaregåande skule.

Spesialbygd for idrettslinja, men...

Tak og veggar er allereie på plass på det nye idrettsbygget. Hallen blir ein del av det store bygningskomplekset Trivselshagen på Sandane. Med ein prislapp på 290 millionar kroner blir symjehall, kulturhus og idrettshall nokre av tilboda.

– Dette blir ein gigantisk fleirbrukshall. Den er på mange måtar skreddarsydd for idrettslinja sine behov, seier Mardal.

Men samtidig som gravemaskiner fullførar ein idrettshall skreddarsydd for idrettslinja er altså den same idrettslinja foreslått nedlagt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nye Trivselshagen på Sandane under bygging

STORT OG FLOTT: Slik ser det ut under bygging av Trivselshagen på Sandane.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Må likevel punge ut

Fylkeskommunen har forplikta seg gjennom halvparten av eigarskapen i Trivselshagen. Sjølv om fylkeskommunen ikkje lenger skulle kome til å trenge bygga i same grad vil dei likevel måtte punge ut.

Ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen er krystallklar på at kommunen ikkje ta over dette åleine.

– Gloppen kommune kan ikkje sitje åleine med dette anlegg. Det betyr å kaste korta for alle om det er slik at fylkeskommunen trekkjer seg, seier han.

– Manglande langsiktig tenking

Og idrettshallen på Sandane er ikkje det einaste bygget som kan bety utgifter for fylkeskommunen i åra som kjem.

Med færre elevar og mindre pengar til den vidaregåande skulen i fylket i åra som kjem, er politikarane nøydde til å gjere grep. Nett no er det ingen som kan seie sikkert om dei 13 vidaregåande skulane vi har i dag vil få leve vidare.

Høyanger, Stryn og Luster vidaregåande skular er føreslått nedlagde av fylkesrådmannen. Det same er Mo og Jølster VGS si avdeling på Vassenden.

Førebels er det heilt uklart kva fylkeskommunen kan få for desse bygga. I saksutgreiinga til fylkesrådmannen blir det opna for å måtte halde fram å betale for vedlikehald på bygg dei ikkje får selt.

– Det dette viser best er fylkeskommunen sin manglande langsiktige tenking over mange, mange år, seier fylkestingsrepresentant Frank Willy Djuvik i Frp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik (Frp)

ELEVANE FØRST: Avtalar knytt til skulebygg kan ikkje leggje føringar for kva avgjerd politikarane skal ta om skulane si framtid, meiner Frank Willy Djuvik i Frp.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Elvane sitt beste må kome først

Djuvik har sjølv teke til orde for å legge ned heile Firda vidaregåande og meiner det er elevane som er dei viktigaste.

– Kortsiktige bindingar som kanskje var ei feilinvestering i si tid, kan ikkje vere førande for korleis vi skal leggje grunnlaget for skulestrukturen dei neste 20 til 30 åra, seier Djuvik.

Han seier det ligg bindingar av ei eller anna form ved nesten alle skulane. Anten i form av eigarskap eller langsiktige avtalar.

– Dette må vi uansett ut av om vi skal leggje ned skular. Det vil koste meir enkelte stadar, og mindre andre. Men totalt sett, på lang sikt, så er det viktigaste vi har fokus på korleis vi skapar det beste utdanningssystemet, seier Frp-politikaren.

– Meiningslaust

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal er også fylkestingsrepresentant for Senterpartiet.

Sjølv om færre elevar altså tvingar politikarane til å gjere noko med skulestrukturen, kan ein ikkje sjå vekk frå kva anlegg og skulebygg som allereie er bygde opp, meiner han.

– Eg forstår at ein i Nordfjord må ta sin del av kutta. Men eg meiner det er meiningslaust å ikkje lage ein struktur og eit opplegg som faktisk utnyttar det beste vi har av anlegg i Sogn og Fjordane, seier Ryssdal.