Hopp til innhold

Ap vil frede to av skulane

Ap si fylkestingsgruppe kan ikkje gå med på at dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger blir lagde ned.

Ap si fylkestingsgruppe vil frede dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger

VIL IKKJE LEGGJE NED: Fylkestingsgruppa i Ap vil ikkje gå med på at dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger blir lagde ned.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Mindre pengar og færre elevar gjer at fylkespolitikarane må gjere grep for å spare pengar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. Fylkesrådmannen har kome med klare råd, råd som mellom anna inneber at dei vidaregåande skulane i Stryn, Høyanger og Luster må leggjast ned.

Men på eit gruppemøte i Ap i går gjekk ei samla fylkestingsgruppe inn for å frede to av skulane.

– Ei samstemt gruppe i Ap seier at både Høyanger vidaregåande og Stryn vidaregåande skal oppretthaldast, seier fylkesleiar Nils P. Støyva.

Måtte løyse floka

Forslaget frå fylkesrådmannen om å leggje ned skulen i heimkommunen hans, og skulen i Ap-bastionen Høyanger har sett partiet i ein politisk spagat. I går møttest dei for å prøve å løyse floka.

Og at skulesaka er ei vanskeleg sak for politikarane er det ingen som er i tvil om. Millionar av kroner må sparast i åra framover, og fylkesrådmannen si innstilling er å leggje ned skulane i Stryn, Høyanger og Luster. I tillegg går forslaget på å leggje ned Mo og Jølster VGS si avdeling på Vassenden og avvikle Hordalandsavtalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luster vidaregåande, Stryn vidaregåande og Høyanger vidaregåande

KAN FORSVINNE: Fylkesrådmannen meiner dei vidaregåande skulane i Luster, Stryn og Høyanger må kuttast skal ein kome i land med økonomien.

Foto: Montasje: NRK

– Ei sår sak

No er det opp til politikarane å bestemme. Arbeiderpartiet er det største partiet i fylkestinget, og fylkestingsmedlem Henrik Oppen frå Høyanger er klar på at partiet ikkje kan leve med å leggje ned skulen i heimkommunen.

– Konklusjonen min frå min ståstad, og som representant frå Høyanger, er at vi ikkje kan vere med å leggje ned skulen i Høyanger, seier han.

Også fylkesleiar Nils P. Støvya har ein heimkommune som krev at han står opp for skulen i Stryn.

– Det er ei vanskeleg sak, ei veldig vanskeleg sak. Det er ei sår sak, med sterke reaksjonar frå Høyanger og Stryn. Det må vi berre ta inn over oss.

– Kan du tole motstanden på heimebane viss Ap legg ned skulen i Stryn?

– Det trur eg ikkje eg vil spekulere i no. Eg har argument for skulen i min heimkommune, og så får vi sjå kva partiet endar opp med å seie om dette, sa Støyva før møtet starta.

Har fleire hattar

Arbeiderpartiet sit også med fylkesordføraren som har det overordna ansvaret for å få økonomien i orden. Og administrasjonen er tydeleg på at det må kuttast. Mange er difor spente på om andre skular skal bli ofra i staden for Høyanger og Stryn.

– Det er veldig mykje på spel, og det er klart at no er vi fylkespolitikarar og skal ha eit overordna syn på dette, seier Fjaler-ordførar Arve Helle.

Også den vidaregåande skulen i Dale har vore i faresona, men var ikkje på kuttlista til fylkesrådmannen.

– Vi skal vere litt forsiktige med å snakke om våre skular, men det er at klart vi har andre roller også. Vi skal sikre våre lokalsamfunn, så det er ikkje tvil om at dette er ei krevjande sak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar ved Høyanger vidaregåande skule

TOK TIL TÅRENE: Elevar ved Høyanger vidaregåande skule var svært skuffa då dei sist veke fekk vite at skulen deira er føreslått nedlagd.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Veit ikkje kor dei skal ta pengane frå

Då fylkestingsgruppa gjekk inn i møte trudde Støyva at dei ikkje skulle greie bestemme seg. Men fire timar seinare var gruppa klar på at verken Høyanger eller Stryn vidaregåande skular kan leggjast ned.

Samtidig gjekk dei inn for nedlegging av Luster VGS og Mo og Jølster VGS si avdeling på Vassenden, i tråd med fylkesrådmannen si innstilling.

No skal styret i fylkestingsgruppa leggje fram eit forslag for representantskapsmøtet på torsdag. Men korleis dei nødvendige pengane skal sparast inn veit dei ikkje.

– Det blir eit arbeid som gruppa må gå inn i framover. Men vi er innstilte på å finne andre innsparingar, slik at ein kan kome i land med den planen for kutt som ein har, seier Støyva.

– Er det andre skular som kan bli lagde ned i staden?

– Nei, det ligg ikkje i korta i det heile teke.

– Korleis skal ein då greie spare inn så mykje pengar som er nødvendig viss ein ikkje skal leggje ned verken Høyanger, Stryn eller andre skular?

– Som sagt, dette er ein jobb som fylkestingsgruppa no må gå inn i. Vi hadde ikkje tid til å gå inn i desse diskusjonane no, men vi var samde om at desse skulane er så viktige for skulane i sine lokalsamfunn, at dei må oppretthaldast.