Hopp til innhold

Sp ønskjer stor skipstunnel

Senterpartiet ber no Fiskeri- og kystdepartementet om å starte utgreiingsarbeid med ein stor Stad skipstunnel.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

GJENNOM FJELLET: Her er det tenkt at skipstunnelen skal vere.

Foto: NORDWEST3D

Senterpartiet meiner at ein liten tunnel ikkje er tilstrekkeleg, då den berre kan brukast av den kystgående fraktefarten og fiskefartøy.

– Eg trur det er viktig at vi får til ein stor tunnel, for då får vi effekten av at store båtar kan gå gjennom, seier Janne Sjelmo Nordås i Transport- og kommunikasjonskomiteén på Stortinget til NRK.no.

Sjøfolk har i ei årrekkje kjempa for å få på plass den mykje etterlengta skipstunnelen ved Stad. Ein tunnel her skal gjere til at båtane unngår det farlege Stadhavet, eit havparti som er frykta av mange for sine svært krevjande vêrtilhøve. Dei siste 20 åra har det vore 17 utgreiingar om ein eventuell tunnel.

Mest verhard og farleg

Senterpartiet skriv i ei pressemelding at stor tunnel må liggje som ein føresetnad for det vidare arbeidet, slik at Hurtigruta og andre farty av tilsvarande storleik kan segle gjennom denne.

Nordås peikar på at Stad er ein av dei mest vêrharde og farlege kystleier vi har. Ho seier det har vore 33 dødsfall og 46 ulykker og nestenulykker i perioden frå 1945 til 1984, som er den periode det er registrering for.

– Ein kombinasjon av havstraumar og topografi ved Stad skaper ”rotete sjø” med svært høge bølgjer, som kjem frå ulike kantar samstundes. Mange må liggje på vent før dei kan gå forbi Stad i dårleg ver, seier ho.

Vil ha gods vekk frå vegane

Eit av måla til både Senterpartiet er å få meir gods frå veg til jernbane og på sjøen.

– Vi meiner bygging av ein stor skipstunnel forbi Stad vil vere eit av fleire grep som må til for å kunne auke transport langs kysten. Ein tunnel vil gi auka tryggleik og auka utanlandsk turisme. Det vil også blir positive effekt for fiskerinæringa og anna næringsaktivitet.