Hopp til innhold

Fylkesordføraren om NTP: – Dette er ein skandale

Framlegget til Nasjonal Transportplan blir svært dårleg motteke i Sogn og Fjordane.

Video 4878e2cd-18d2-428a-88e1-4053305662f2.png

SJÅ TV-SAK: Ein stad dei hadde store forventningar i dag var i Vik i Sogn. Der har dei kjempa for ny tunnel gjennom Vikafjellet i 50 år.

Av planen til Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen, går det fram at vedlikehald og opprusting blir hovudfokus for perioden 2014–2023.

Åshild Kjelsnes

MISNØGD 1: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Rassikring kjem først i siste del av perioden. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap), som også er leiar i nasjonal rassikringsgruppe, hadde venta sterk auke i rassikringsmidlar.

– I forhold til at vårt krav er at det offentlege vegnettet skal vere sikra innan 2030, så er dette alt for dårleg. Dette er berre ei framskriving av det som har vore lagt inn i den NTP som går ut. Det er alt for defensivt. Dersom det stemmer at vi ikkje får rassikringsmidlar på riksvegnettet før i 2018, så er det rett og slett ein skandale, seier ho.

Viktig, men må vente

Medan Strynefjellet, Vik – Vangsnes, og Hylland i Aurland ligg inne for perioden 2018-2023, blir riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden i Jølster sikra om løyvingane blir auka med 20 eller 45 prosent.

Rasutsette riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden i Jølster vart etter uvêret «Dagmar» skildra som mykje viktigare enn Statens vegvesen hadde trudd og at den burde sikrast betre.

– Ein slik tunnel kjem nok til å koste 600 millionar kroner, men vi meiner det må til for å få løyst problemet, sa avdelingsleiar Nils Magne Slinde i Statens vegvesen då.

Frå vest til aust

Ei eventuell sikring her vil først komme etter 2018 og berre dersom løyvinga til vegane blir auka med 20 eller 45 prosent. Planen som transportetatane og Avinor presenterte i dag baserer seg på løyvingane til 2012-budsjettet.

(Artikkelen held fram under lydklippet)

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, deler vonbrotet til Kjelsnes.

– Planen viser at ein vrir ytterlegare middel frå Vestlandet og vegbygging, og verdiskapande investeringar her, til kollektivsatsing og tog på det sentrale Austlandet, seier han.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Skrinlegg skipstunnel

Frank Willy Djuvik

MISNØGD 2: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Djuvik og Kjelsnes etterlyser den såkalla Førde-pakken, som skal flytte E39 ut av Førde sentrum, og tunnel gjennom Vikafjellet. Fylkesordføraren etterlyser vidare mykje omtala Gullkista mellom Reed og Sandane, medan fylkesleiaren i Frp registrerer at også Stad skipstunnel manglar i planen.

Sjølv om siste, og den 18. utgreiinga, no er til kvalitetssikring, fryktar han at prosjektet er skrinlagd.

– Det har vi høyrt sidan slutten av 80-talet, og dette er berre ei vidareføring av den strategien ein har lagt seg på når det gjeld Stad skipstunnel. Ein skubbar det føre seg, kjem aldri med noko og er i gang med endå ei utgreiing. Dette betyr nok at regjeringa ikkje vil realisere Stad skipstunnel, diverre, seier han.

Etterslep på 25 milliardar

NTP er forkorta til riksvegane, ettersom fylkesvegane er fylkeskommunen sitt ansvar. Sistnemnde kjem i eigen plan seinare.

Riksvegane her i fylket er E39, det er RV 15 Stryn-Otta, det er RV 5 frå Florø via Skei til Sogndal og Lærdal, det er Rv13 Voss-Vik-vangsnes og vidare til Hella og Sogndal og det er E16 som går frå Bergen via Aurland- Lærdal og over filefjell til Oslo.

På landsbasis vert etterslepet rekna til 25 milliardar kroner og vegvesenet ventar å bruke 15–20 år før vegstandarden er på ynskt nivå.

Stort etterslep

Nils Magne Slinde

ETTERSLEP: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier det er stort behov for opprusting av vegnettet i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ein tredjedel av etterslepet er i Region Vest. Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen, meiner utbetring av eksisterande vegnett er viktigare enn nye store prosjekt.

– Det viktigaste er styrking av vedlikehaldet. Vegnettet alt for dårleg stand som i dag og det må til ein skikkeleg innsats. Dersom råmen blir dei same, så vil det gå utover store prosjekt. Utvidar ein råmen med 20 til 45 prosent, så er mogleg å gjere begge deler, seier han.