Dette går fram av ein rapport utarbeidd av kaptein og leiar i Hurtigbåtenes Rederiforbund, Ottar J. Aare.
Men Aare trur talet på nestenulukker er høgare enn det som er registrert i
.– Vi greier ikkje skaffe oversyn over absolutt alle nestenulukkene fordi det ikkje finst noko system for å rapportere slikt, seier han til
.Verste ulukka i 1956
Men etter 1984 har det ikkje vore tap av menneskeliv på Stadhavet. Ulukka med flest omkomne i nyare tid skjedde 1. mars 1956, då snurparen "Brenning" frå Salten i Nordland vart slegen rundt av brottsjøar. 19 av dei 20 ombord miste livet.
- LES MEIR I FYLKESLEKSIKONET OM
Men går vi lengre tilbake i historia er talet på omkomne langt høgare. Mellom anna har eit stort tal nordlandsjekter forlist på veg til og frå Bergen. Dette kan du lese meir om i artikkelen
i Fylkesleksikonet.Rapporten vart lagd fram på eit seminar i Oslo torsdag. Bak seminaret stod Maritimt Forum Nordvest og Styringsgruppa for Stad skipstunnel, og målet var å skape engasjement på Stortinget. Om lag 40 politikarar var med på seminaret.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ofte berre flaks
Rapporten har og teke med nestenulukker, som det er registrert 46 av sidan krigen. I mange av nestenulukkene er det rein flaks at det ikkje enda i ei alvorleg ulukke, seier Ottar J. Aare.
(Artikkelen held fram under biletet).
UTSETT HAVSTYKKE: MS 'Midnatsol' er mellom hurtigrutene som må over Stadhavet med hyppige mellomrom.
Foto: Jostein Eilertsen / NRK– Den mest alvorlege skjedde 14. desember 2003 då hurtigruteskipet "Midnatsol" fekk motortstans i stiv kuling og grov sjø.
I det tilfellet fekk mannskapet i gang maskineriet kort tid før skipet hamna i fjøresteinane. Passasjerane var plasserte i livbåtane, og mannskapet stod klare til å låre livbåtane då skipet fekk att motorkrafta.
- LES OGSÅ:
På seminaret i Oslo vart det og lagt fram ei argumentliste frå SINTEF som konkluderer med at Stad skipstunnel er eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt.
MANGE NESTENULUKKER: Stadhavet blir rekna som eit lumskt havstykke.
Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal