Hopp til innhold

Kastar ut syrisk ektepar etter ti år i Noreg – retten meiner dei lyg

Tingretten meiner ekteparet frå Syria laug om statsborgarskap då dei søkte asyl i Noreg. At dei er godt integrerte i Noreg betyr mindre for retten.

Syriske Tamar og Harout Jakarian fryktar politiet skal henta dei ut med makt.

MISTA HÅPET: Syriske Tamar Dankarian og Harout Jakarian må forlata Noreg etter 10 år, slår Oslo tingrett fast i fersk dom.

Foto: Olav Røli / NRK

– Eg har heile tida hatt håp. Me hadde tru på systemet. No er det lite håp igjen, seier Tamar Dankarian.

Ho, ektemannen Harout Jakarian, og deira to barn kom til Noreg i 2013 og 2014, som syriske flyktningar.

Dei siste åra har dei budd i Bømlo kommune i Vestland.

Harout jobbar på vaksenopplæringa, medan Tamar har jobba for Nav.

For to år sidan oppdaga Utlendingsdirektoratet (UDI) at familien på fire allereie hadde armenske statsborgarskap.

Derfor trekte UDI tilbake opphaldsløyva til ekteparet.

Dei to no vaksne barna fekk bli i Noreg, fordi dei var så unge då dei kom til landet. Foreldra måtte ut.

Jakarian og Dankarian hevdar dei ikkje visste om det armenske statsborgarskapet.

I frykt for å bli kasta ut av landet med tvang søkte dei tilflukt i den lokale kyrkja på Bømlo i Vestland.

Rett etterpå fekk dei beskjed om utsett utreisefrist, og kunne gå ut av kyrkjeasyl.

Så tok dei UNE til retten. No er dommen frå Oslo tingrett klar: Jakarian og Dankarian må forlata landet.

Familien Jakarian

Dankarian og Jakarian har to barn på 25 og 26 år. Dei får bli i Noreg. At dei har barn i Noreg er også lagt mindre vekt på dommen.

Foto: Olav Røli

Kva tid er førebels ikkje avklart.

Ungar og integrering mindre viktig

Jakarian og Dankarian seier dei ikkje vart kjende med dei armenske statsborgarskapa før UDI tok kontakt med dei i 2021.

Ekteparet mistenker at smuglarane som fekk dei ut av eit krigsråka Syria, har misbrukt dei syriske passa deira for å laga armenske pass, som dei har seld vidare.

Det trur verken UDI, UNE eller Oslo tingrett på.

«Etter rettens syn er det mest sannsynleg at saksøkarane visste om at de var armenske statsborgarar/pass og at de halde tilbake disse opplysningane mot betre vitende», står det i tingretten sin dom.

Ekteparet er godt integrerte i Bømlo kommune, der dei begge har jobbar.

Dette er forhold som retten legg vekt på i mindre grad, heiter det i dommen.

Dei legg heller ikkje avgjerande vekt på at paret har vaksne ungar, som har norsk statsborgarskap.

Vanskeleg å bevisa

Advokaten til ekteparet, advokatfullmektig Anela Ferati, seier dei no vil bruka tid på dommen og lesa han nøye.

Deretter vil dei vurdera å anka.

Dei er ueinig i tingretten sine konklusjonar på fleire punkt.

– I saker som denne handlar det om forhold som ligg langt tilbake i tid, og er svært vanskeleg å dokumentera. Ein skal bevisa kva som har skjedd under flukta frå eit land i krig, seier Ferati.

Ho er også ueinig i at det ikkje blir lagt nok vekt på kor godt ein har vore integrert og kva konsekvensar tilbakekalla får.

Nyleg fremja SV og V eit forslag til Stortinget der integrering i større grad vert vektlagd i samband med utvising.

– No mistar me folk som er enorme ressursar for samfunnet, seier advokatfullmektigen.

Les også Ble trodd i retten på at de ikke løy – nå øyner Tamar og Harout håp om å få bli i Norge

Syriske Tamar og Harout Jakarian fryktar politiet skal henta dei ut med makt.

Dette er saken

Ordførar: – Uforståeleg

Saka om ekteparet frå Syria har fått stor merksemd, spesielt i heimkommunen Bømlo.

– Det er heilt uforståeleg og veldig trist. Dette er eit ektepar som betyr mykje for kommunen og integreringa av andre, seier ordførar Morten Helland (KrF).

Han legg til at kommunen kjem til å gi tydeleg beskjed om at ekteparet er ynskja hjå dei, men understreker at han som politikar ikkje kan overstyra domstolen.

Tamar Dankarian seier dei enno ikkje har bestemt seg for kva dei skal gjera med saka vidare.

– Me vart så overraska av dommen. Heile prosessen har vore ekstremt utmattande, seier ho.

Ekteparet er også dømd til å betala 95.000 i sakskostnader.

UDI viser til dommen, og ynskjer ikkje å kommentera saka.

I kyrkjeasyl

Ein periode budde ekteparet i asyl i kyrkja i vestlandskommunen Bømlo. No har Oslo tingrett bestemt at dei skal utvisast.

Foto: Olav Røli / NRK