Hopp til innhold

Søkte tilflukt i kyrkja – kan likevel bli kasta ut med makt

Den norske kyrkja er bekymra for at regjeringa svekkar respekten for det heilage rom. No kan politiet pågripa inne i kyrkja.

I kyrkjeasyl

ASYL: Syriske Tamar og Harout Jakarian har søkt asyl i Bremnes kyrkje fordi UDI meiner dei har opphaldsløyve i Armenia.

Foto: Olav Røli

– Det var trist og skummelt å flytta inn her. Me trudde aldri at det kom til å skje. Me trudde det skulle ordna seg.

Ekteparet Tamar og Harout Jakarian står inne i Bremnes kyrkje på Bømlo i Vestland.

Sist fredag pakka dei saman tinga sine og flytta ut frå einebustaden sin like ved. Kyrkja har blitt den nye heimen deira, på ubestemt tid.

I kyrkjeasyl

I eit lite rom i kyrkja har tilsette lagt fram ei madrass. Dei har også tilgang på toalett og ein vask, men ingen dusj.

Foto: Olav Røli / NRK

Eigentleg skulle det syriske ekteparet bli sendt ut av landet før helga.

For etter fleire år i Noreg fann UDI ut at dei hadde armenske statsborgarskap og difor ikkje hadde rett på opphaldsløyve i Noreg. Dei to vaksne borna deira får bli i landet.

– Me flykta frå Syria for å redde borna våre og no må me reise frå dei. Me kan ikkje det, seier dei.

Familien Jakarian

Tamar Jakarian kom til Noreg saman med borna Natalie og Pogos for snart ti år sidan. Like etter kom ektemannen Harout.

Foto: Olav Røli

Lokalavisa Bømlo-Nytt har skrive fleire saker om Jakarian-familien.

Har hus og jobb på Bømlo

Paret seier dei ikkje visste om statsborgarskapet frå Armenia. Men sidan UDI ser på landet som trygt, må dei forlata Noreg.

19. mai skulle dei ha reist, men med to vaksne born og eit liv på Bømlo, ville dei ikkje setta seg på flyet ut av Europa.

– Me har kjøpt hus her. Eg driv restaurant og jobbar på vaksenopplæringa. Eg veit ikkje kva me skal gjera. Me kjenner ingen i Armenia, seier Harout.

Løysinga vart å flytta inn i den lokale kyrkja.

I kyrkjeasyl

Paret eig denne einebustaden på Bømlo. No veit dei ikkje kva som skjer med heimen om dei blir sendt ut av landet.

Foto: Olav Røli / NRK

– Tusenårig lang tradisjon

– Kyrkjeasyl er ein tusenårig lang tradisjon der menneske i naud søkjer seg til eit heilag rom for vern, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør i Den norske kyrkja.

Under Balkan-krigen på 90-talet vart kyrkjeasyl spesielt mykje brukt i Noreg. Også i seinare tid har fleire søkt asyl i kyrkjer for å unngå å bli kasta ut av landet.

Det er fordi politiet ikkje har henta ut folk frå kyrkjeasyl.

No er Den norske kyrkja bekymra for at regjeringa vil endra på praksisen, slik at politiet kan bruka makt – også i kyrkja.

I eit lite rom i kyrkja har tilsette lagt fram ei madrass. Dei har også tilgang på toalett og ein vask, men ingen dusj.

Harout Jakarian seier det blir tøft å bu i kyrkja. – Eg vil jobba, eg er vand med det. Her får eg ikkje gjera noko.

Foto: Olav Røli

Vil hindra kyrkjeasyl

I april i år melde regjeringa at dei ikkje ynskjer fleire tilfelle av kyrkjeasyl.

På slutten av fjoråret vart SV og regjeringa einige om å gi opphaldsløyve til alle som hadde fått kyrkjeasyl i meir enn fem år.

Dermed kunne dei få som budde i kyrkjer i Noreg flytta ut og busetta seg fritt i landet.

Etter det regjeringa og Den norske kyrkja kjenner til var det ingen i kyrkjeasyl i Noreg etter det.

I skrivet frå april i år slår regjeringa fast at dei som søkjer asyl i kyrkjer ikkje lenger vil få særbehandling.

«Det betyr at om det skulle oppstå nye tilfelle av kyrkjeasyl, skal sakene løysast i tråd med politiets vanlege rutinar», skriv regjeringa.

«I ytste konsekvens vil politiet kunne bruke makt, men dette skal unngåast så langt det lar seg gjera.»

Les også Familie får opphald i Noreg etter åtte år i kyrkjeasyl

Familien Collin, fra venstre Dilani, Angela og Collin, har bodd i biblioteket i Finnsnes kirke i snart åtte år.

Redd for at politiet pågrip i kyrkjerommet

– Me er bekymra for at dette kjem til å svekka respekten for det heilage rom, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør i Den norske kyrkja.

Han seier dei har tiltru til politiet, men at dei er redde for at eventuelle politiske avgjerder skal føra til endringar av politiets praksis.

– Me er opptatt av at politiet ikkje kjem inn og fjernar nokon frå kyrkjerommet med makt.

Han understrekar at kyrkjeasyl aldri er ei god og langvarig løysing.

– Men me må respektera det kallet kyrkja har til å beskytta dei som treng det.

Syriske Tamar og Harout Jakarian
Foto: Olav Røli / NRK

– Veit ikkje kva me skal gjera

På Bømlo er ekteparet Tamar og Harout Jakarian redd for at politiet skal henta dei ut med makt.

Likevel håpar dei at kyrkja er trygg.

– Men me får ikkje arbeida. Me har heller ikkje rett på helsehjelp. Det er veldig vanskeleg, seier paret.

No held dei fast i eit siste håp om at UDI og UNE skal snu.

– Om ikkje veit eg ikkje kva me skal gjera. Eg veit ikkje, seier Harout Jakarian.

Hei!

Hei! 

Har du innspel til saka? Eller tips til kva me i NRK Vestland burde laga sak om? 

Eg er journalist i Bergen og har tidlegare skrive om autisme i politikken«sosial eggfrysing» og mysteriet Christine