Hopp til innhold

Søkjer i restane av huset

– Situasjonen legg eit slør over heile kommunen, etter denne tragiske ulykka.

Det seier Balestrand-ordførar Einar Målsnes (H) som sidan måndag kveld har måtte handtere krisesituasjonen i kommunen.

Måtte vente på klarsignal

Eit sambuarpar i 50-åra er sakna etter at huset deira vart tatt av ras i Tuftadalen vest for Balestrand sentrum, 10 personar er evakuerte grunna rasfare.

Grunna rasfare fekk leitemannskap først i 11-tida tysdag ta seg inn i rasområdet. Då hadde ein geolog vurdert området som framleis rasfarleg, men trygt nok.

Dykkarar på plass

Tre dykkarar frå KV Andenes startar søk i fjorden ved elveutløpet. Politiet har retta ei anmoding til Forsvarets Operative Hovedkvarter om bistand av mannskapa på kystvaktskipet til innsats også på land. Dette løyvet er no gjeve, opplyser politiet.

Hundar søkjer i ruinane

To hundeekvipasjer har teke seg inn til det som står att av huset. Dei søkjer gjennom husrestane og skal gå gjennom trassen til raset, langs elveleiet og ned mot sjøen.

– Mannskaper frå Røde Kors, Norske Redningshunder, Sivilforsvaret og ei alpin redningsgruppe frå Jostedalen deltek i søket etter det sakna sambuarparet, seier Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video e0592d74-cfbd-4812-9909-1391648bafad.jpg


Held vakt ved elva

Det er sett opp to postar der to personar skal sjå på elva og høyre etter eventuelle nye skred. Geolog Svein Helge Frækaland fra Statens vegvesen har vore oppe i helikopter og sett på området frå lufta.

Frækaland seier at skredfaren framleis ser stor. Det ligg ein del snø- og jordmasser igjen oppe langs fjellsida. Det er fare for at eit nytt skred av same storleik kan bli utløyst i det same området.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Her sto huset som ble tatt av raset

Alle vegar stengde

Samstundes er alle vegar til kommunesenteret sperra av ras.

Staden er no knytt til omverda ved at ferjesambandet til Hella og Vangsnes går i kriserute til Balestrand, i staden for til Dragsvik.

– Vi prøver så godt vi kan alle saman å ivareta tryggleiken til dei øvrige innbyggjarane. Politiet sørger for søk, redning og vurdering av den vidare tryggleiken i området. Og også om vi kan opne dei andre vegane som er stengde, seier ordføraren til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ras i Balestrand

RASET: Det 1,5 km lange raset går ned heile Tuftadalen tvers over fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger.

Foto: Steinar Lote/NRK

Kriseteam kom raskt i sving

Straks alarmen gjekk i 20.30-tida måndag kveld samla ordføraren saman kommunen sitt kriseteam.

– Vi har eit team som har vore og er fortløpande i kontakt med dei pårørande, fortel han.

Orføraren er letta over at vassmengdene har minka i dei mange elveløpa, og håpar situasjonen er i ferd med å stabilisere seg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video c8296a5e-e01a-4925-827d-a33becc5f2dd.jpg

Store utfordringar

– Vi vurderer fortløpande situasjonen og prøver å koordinere dei ulike tinga. Både å ta oss av dei som er ramma av dette, og vidare førebygging i tida framover. Vi må også finneløysingar på transportbehovet over dei stengde vegane i kommunen vår, saman med fylkeskommunen, seier ordførar Einar Målsnes.

Sogn og Fjordane politidistrik har førebels ikkje gått ut med namna til dei to som er sakna etter det store skredet i Tuftadalen. Dei to skal vere sambuarar og begge er i slutten av 50-åra. Ifølgje politiet er det no lite håp om å finne dei to i live.