Hopp til innhold

Letta over å ha blitt evakuerte

Dei 10 personane er evakuerte i Balestrand er letta over å ha vore trygt innlosjerte på hotell natt til tysdag. To sambygdingar er framleis sakna etter det store raset måndag kveld.

– Det var sjølvsagt tøft, men vi fekk god oppfølging frå kommunen og fekk tilbod om å vere her på Midtnes hotell. Det var veldig godt, fortel ein av dei evakuerte, Kari Tordis Aarskog til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Evakuerte etter raset i Balestrand

I SIKKERHEIT: Evakuerte på Midtnes hotell i Balestrand.

Foto: Arve Uglum / NRK

Saman med ni andre vart ho beden om å forlate heimen i 21-tida måndag kveld. Like før hadde eit stort ras sopt med seg eit bustadhus. Sambuarparet som bur i huset er sakna.

Politiet opprettheld framleis evuakueringa, og dei 10 personane får førebels ikkje reise heim, slik NRK kom til skade å skrive.

LES OGSÅ:

Merka ikkje raset

– Vi merka ikkje noko anna enn at ambulanse og blålys stod ute i vegen, fortel Aarskog.

Ho og dei andre evakuerte bur litt lenger inne, i retning Balestrand sentrum, i høve til skredet som følgde elveleiet ned Tuftadalen til Flesje, om lag fire kilometer vest for sentrum.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet.)

– Dei evakuerte sit no og følgjer med på nyheitene og ventar på å høyre kva som skjer i rasområdet, fortel Arve Uglum, NRK sin reporter på staden.

Hadde ikkje fått sove heime

Aarskog seier ho er letta over å ikkje måtte sove heime.

– Det er eit bekkefar som kjem ned rett innom huset vårt. Her gjekk det skred i 1979 og 1981, men kom aldri så langt som ned til huset. Men no er det veldig mykje snø, så eg var veldig taknemmeleg for at eg fekk tilbod om å evakuere. Hadde eg lagt heime hadde eg ikkje fått sove mykje, seier ho.

– Trist for bygda

Samstundes går tankane til dei to, eit sambuarpar i slutten av 50-åra, som no er sakna.

– Eg tykkjer det er veldig trist for bygda vår at vi skal bli utsette for noko slikt. Det er trist, seier den evakuerte Balestrand-kvinna.