Hopp til innhold

– Dette er djupt tragisk

Skredulykka i Flesje i Balestrand pregar kommunen sterkt. – Dette er tjupt tragisk, seier ordførar Einar Målsnes.

Ras i Balestrand

- TRAGISK: Ordførar i Balestrand, Einar Målsnes, seier situasjonen er tung og vanskeleg.

Foto: Robert Jan Leerink

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit stort snøras knuste måndag kveld eit bustadhus til pinneved om lag fire kilometer frå Balestrand sentrum. Eit ektepar, som budde i huset, er sakna.

Huset vart feid av garde av snø og ismassar. Berre grunnmuren står igjen.

– Forferdeleg for oss alle

Einar Målsnes

Ordføar Einar Målsnes i Balestrand.

Foto: Balestrand kommune

– Det er djupt tragisk dersom dei to var i huset då raset kom. Vi har stor medkjensle med dei pårørande. Dette er ein svært usikkert situasjon. Det er ein forferdeleg situasjon for oss alle. Det er tragisk for heile bygda, seier Målsnes.

Politi, brannvesen, Røde Kors, Norske Redningshundar og Forsvarets redningstjeneste kom måndag kveld til rasområdet. Men rasfaren har vore så stor at mannskapet ikkje har vore inne i sjølve området.

– Det er med omsyn til mannskapet sin tryggleik. Eit Sea King-redningshelikopter har gjort søk i lufta og redningshundar har søkt langs vegen, seier stabsleiar Harald Vårdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen spor etter ekteparet

Redningsselskapet er på veg med båten MS «Utvær» og Kystvakten er også sendt til staden. Dei vil gjere søk i Sognefjorden.

Det er funne restar og gjenstandar frå huset, men det er ingen spor etter det sakna ektepartet. Kriseteamet i kommunen har hatt samtalar med dei pårørande og tilbydd dei krisehjelp.

Ifølgje politiet kan søket på land starte opp igjen når sola står opp. Ein geolog skal først undersøke rasstaden.

Balestrand