Hus knust av ras - sambuarpar sakna

– To personar er sakna. Heile huset er tatt av raset, og det ligg plankerestar i området, seier pressetalsmann Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ras i Balestrand

TO SAKNA: To personar er sakna etter at eit hus vart tatt av snøras i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink

SISTE KL. 02.40: Ti personar er evakuerte frå området på grunn av svært stor rasfare. Ordførar Einar Målsnes seier situasjonen er tjupt tragisk.

– Det ser ut til å ha gått ei svær flaumbølgje med snø, is og vatn ned i elva. Eit heilt hus er rive vekk, seier Rune Andersen som bur i området og som nyleg var på staden der raset gjekk.

Høyr NRK Dagsnytt sine sendingar om raset:

Redningsmannskapa blir ikkje sendt inn i rasområdet på grunn av den store rasfaren. Politiet seier held tilbake styrkane for å ivareta tryggleiken til eige personell.

Sambuarpar budde i huset

Det er eit halvannan kilometer langt ras som som har gått i Tuftadalen fire kilometer vest for Balestrand sentrum.

Det er fleire hus i området, men ifølgje Andersen er det berre dette som ligg tett inntil elva. Huset er eit vanleg bustadhus der det bur eit sambuarpar. Politiet har ikkje indikasjonar på at det var fleire i huset.

Huset ligg halvannan kilometer frå riksveg 55 som går nede ved Sognefjorden. Vegen er no stengd.

I Sogn og Fjordane er over 20 vegar stengde måndag kveld grunna det dårlege vêret i området.

Grunnmuren står att

Eit Sea King-redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps, brannvesen, Norske Redningshundar og politiet er på staden. Etter at helikopteret gjorde eit søk langs raset, returnerte det til basen i Florø.

– Det er eit forferdeleg flyvêr i området. Raset er minst ein og ein halv kilometer langt, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen i Sør-Norge til NRK.no.

Mesta var på veg for å rydde raset på riksvegen då dei oppdaga vrakdelar som kunne stamme frå eit hus. Ifølgje Walle er det berre grunnmuren som står att.

Det er politiet som koordinerer arbeidet på staden, og ifølgje Walle er alt tilgjengeleg mannskap er kalla ut.

– Huset er heilt borte, og vi fryktar at det var folk heime då raset gjekk, seier Walle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hus tatt av ras i Balestrand

FULL ALARM: Alt tilgjengeleg mannskap er sendt ut etter at eit hus vart tatt av ras i Balestrand.

Foto: NRK.no-tipsar

Har vore i krisemøte

Politiet har måndag kveld mottat meldingar om fleire mindre ras i politidistriktet. Det er grunn til å truat rasfaren no er svært stor, ifølgje politiet.

Ordførar i Balestrand, Einar Målsnes, veit enno lite om situasjonen. Han har i kveld vore i krisemøte med nødetatane.

– Raset vart oppdaga frå riksvegen. Det er stor rasfare i område og det har i dag gått mange ras som har sperra vegar. Det er farleg å ferdast på vegane i området, seier Målsnes som leiar kommunen sin krisestab.

Politiet jobbar no med å skaffe nødvendig ekspertise, som geolog, samt å skaffe meir detaljar om rasstaden. Geologisk undersøking av rasstaden kan truleg ikkje gjennomførast før det blit lyst. Det er førebels ikkje sett i gang evakuering av andre bebuarar i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.