SPERRAR VEGEN: Det 1,5 kilometer lange raset sperrar framleis fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger.
Foto: Arve Uglum / NRK– Kystvakta held framleis på å søkje i fjorden. Det er ikkje gjort funn, anna enn vrakgods. Ein geolog er venta til Sogndal lufthamn 09.45 og reiser då til Balestrand. Han vil vurdere rasfaren i området før hjelpemannskap blir sendt inn, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt like etter før klokka 08.
I halv ni-tida blei det klart at Statens vegvesen stilte sin geolog til disposisjon. Han var venta til staden til klokka ni.
- LES OGSÅ:
Mannskapa som har vore ute sidan måndag kveld får etter kvart avløysing av nye mannskap.
– Det blir rekvirert nye mannskap frå morgonen av, derav tre hundar som skal delta i søket, fortel Hope.
(Artikkelen held fram under biletet.)
STRANDSØK: Kystvaktskipet 'Andenæs' har i natt brukt termiske kamera for å søke i fjorden ved rasstaden.
Foto: Arve Uglum / NRKHus tatt av ras - ektepar sakna
To personar, eit ektepar, er framleis sakna etter raset som gjekk ved Flesje i Tuftadalen, fire kilometer vest for Balestrand måndag kveld. Huset til dei to vart teke av raset, og berre grunnmuren står att.
Seint måndag kveld vart 10 personar i området evakuerte grunna stor rasfare. Desse er no innlosjerte på eit pensjonat i Balestrand.
Dei vanskelege forholda har også gjort til at politiet ikkje har funne det forsvarleg å sende folk inn i sjølve rasområdet.
Kystvakta kom til staden i natt
Hovudredningssentralen på Sola rekvirerte i løpet av natta eit kystvaktskip til staden, etter at det vart observert vrakgods frå huset som er tatt av raset, i sjøkanten.
– Vi kom til rasområdet klokka 04.00. Vi har søkt med lyskastarar og termisk utstyr. Førebels har er det berre vrakrestar, tre og busker vi har funne i sjøen, opplyser skipsskef Vidar Henriksen på KV «Andenes».
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen.)
I natt har eit nytt ras gått i Balestrand, nær det store raset som gjekk måndag kveld.
- LES OGSÅ:
Avventar søk nær land
Kystvaktskipet held seg førebels eit stykke frå land.
– No avventar vi vidare informasjon frå politiet for å få verifisert at det er trygt å gå inn i området. Då vil det eventuelt bli aktuelt å bruke dykkarar.
Ordførar Einar Målsnes (H) fortel at rasstaden i natt har vore avsperra, og det har vore stopp i leitearbeidet, med unntak av på sjøen der Kystvakten har leita.
– Nedbøren har heldigvis letta. No har eg nett passert to av elvene vi frykta skulle proppe seg, men no ser vatnet ut til å halde seg i ordna former, seier Målsnes som sjølv måtte ta beina fatt.
– I dag fekk eg tre kilometer å gå. Vegane er øydelagde, fortel ordføraren som takkar alle som har stilt opp sidan alarmen gjekk måndag kveld.
(Artikkelen held fram under biletet.)
FLAUM-RAS: Dette raset sperra vegen om lag ein kilometer vest for raset som måndag kveld tok med seg eit hus om lag 4 kilometer frå Balestrand sentrum.
Foto: Steinar Lote / NRKNo jobbar kommunen sitt kriseteam saman med politi og redningsetatar med å få danna seg oversikt over situasjonen.
– No må vi få kartlagt situasjonen på nytt, og vi ventar også rasvurderingar frå kyndige folk før vi tek vidare steg. Kommunen er avsperra grunna ras fleire stader. Her må vi avvente beskjed frå Statens vegvesenet om kva som skjer med vegsperringane. Vi har ein beredskapsbåt, men vi har ikkje rutegåande båtar, fortel ordføraren.
- LES OGSÅ:
Geolog venta utpå føremiddagen
NRK-sin reporter på Balestrand-sida av rasstaden, Arve Uglum, fortel klokka 06.20 at det er lite aktivitet i området.
(Artikkelen held fram under biletet.)
FLEIRE RAS: Dette raset, om lag ein kilometer frå hovudraset sperrar også fylkesvegen.
Foto: Steinar Lote / NRKEin geolog er venta på Sogndal flyplass Haukås rett før klokka 10. Han vil avgjere kor vidt det er trygt å sende leitemannskap inn i sjølve rasområdet.
Politiet vil ikkje gå ut med alder på dei sakna då alle pårørande enno ikkje er varsla.
- LES OGSÅ:
- 33 vegar stengde i Sogn og Fjordane tysdag morgon - SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER
Fylkesveg 55 mellom Høyanger og Balestrand er stengd som følgje av raset.