- Vi har folk ute fleire stader for å vurderer situasjonen. Men det er heilt klart ein utfordrande dag for oss, med så mykje nedbør, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen ved Statens vegvesen.
(Artikkelen held fram under biletet)
SKRED: Eit snøskred har kome ved Haugen camping på Skei. E39 var stengd ein periode i morgontimane på grunn av raset.
Foto: Birger Meland / NRKStore nedbørsmengder
Store nedbørsmengder har ført til vegstengingar over heile fylket. Det har gått ei rekkje ras, både av snø, jord og stein. I tillegg er det lokale overfløymingar fleire stader.
- Situasjonen vert vurdert kontinuerleg, men det er umogleg å seie noko sikkert om kor tid vegane kan opne att, seier Karlsen.
Vegvesenet jobbar for å få oversikt over vegane, og Karlsen vedgår at det er vanskeleg.
- Snørasfaren er no på 4, så det er stor snøskredfare i Sogn og Fjordane, seier Karlsen.
Han ber trafikkantane om å vere forsiktige.
- Eg vil be folk om å køyre forsiktig. Ver obs på mykje overflatevatn. Det kan og ligge ein del rusk i vegbana, i tillegg kan asfalten ha fått skader, åtvarar Karlsen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
STENGD: Riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden er stengd
Foto: Birger Meland / NRKHus tatt av ras - to personar sakna
I Balestrand er to personar sakna etter at eit hus vart teke av eit stort ras. Det vert gjort søk i sjøen der raset har gått ut i fjorden. Før geolog kjem til staden vil ein ikkje gå inn i området for å leite etter ekteparet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Slik er det på vegane
- Riksveg 5 Sogndal – Fjærland bomstasjon, ved Dalevatnet – stengd grunna snøras
- Riksveg 5 Skei – Sogndal, ved Fjærland – stengd grunna snøras
- Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna snøras
- Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering klokka 09.
- Fylkesveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden ved Sandskreda bru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 50 Hol- Aurland – steng grunna overfløyming
- Fylkesveg 53 Øvre Årdal – Holsbru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 53 Tyin-Årdal - stengd grunna uvêr. Vert ikkje opna att i dag.
- Fylkesveg 55 Balestrand – Høyangar ved Flesje bru – stengd grunna jordras
- Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik ved Esebotn bru – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 60 Byrkjelo – Sunnylven ved Hornindal – stengd grunna overfløyming
- Fylkesveg 92 Vik-Arnafjord – steng grunna snøras
- Fylkesveg 93 Nautsund – Vadheim, ved Heldalsheia – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 152 Ulvastad – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 181 Legdene – Feios, ved Djupevik – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 212 – Nedrehagen – Lerheim, ved Skjeldestad – stengd grunna overfløyming
- Fylkesveg 214 Fimreite – Valeberg, ved meistarplass – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka ,ved Bakka – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 331 Urnes – Skjolden – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrand – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 453 Klakegg – Fonn, ved Veiteberg – stengd grunna overfløyming
- Fylkesveg 481 Storehagen – Botnen – steng grunna flaum
- Fylkesveg 614 Grov – Stårheim – steng grunna fare for ras
- Fylkesveg 615 Storebru – Sandane(Hyen-Hestnesøyra) – stengd grunna jordras
- Fylkesveg 691 Gjengedal – Aa bru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 722 Storesunde – Flo – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 723 Bødal – Loen – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 724 Briksdal – Olden – stengd grunna fare for ras
Saka vert oppdatert.