– Det var herleg å sjå den gå i mål. Eg hadde nokre vanvitige sjansar i fjor og det var veldig seigt at eg ikkje fekk den inn då. Men då vart det endå betre at den gjekk inn i dag, seier Eirik Bergum Skaasheim (20).
- LES OGSÅ:
– Ei herleg veke
Med den scoringa toppa balestrendingen det som har vore ei veldig god veke for Sogndal. Førre helg slo dei Brann 3–1 på heimebane, på torsdag vart det 2–2 borte mot Lillestrøm før dei tok tre nye poeng heime mot Odd Grenland i dag.
Det skal nemnast at Sogndalspelarane var sure etter Lillestrøm-kampen, då Fredrik Guldbransen
mot slutten av kampen.NØGD: Eirik Bergum Skaasheim.
Foto: NRKDermed har sogndølene tatt sju poeng på åtte kampar, og er no på niandeplass med 12 poeng.
– Det har vore ei herleg veke, oppsummerer Skaasheim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
To minutt før pause sendte Malick Mane Fosshaugane til himmels med ei frisparkperle av dei sjeldne. Ti minutt før slutt avgjorde Skaasheim kampen då han pirka inn 2–0 etter litt klabb og babb i feltet etter eit Sogndal-frispark.
Skaasheim tilbake på midtbana
Skaasheim var opphavleg sentral midtbanespelar då han vart henta til Sogndal, men har blitt omskolert til back under Jonas Olsson. I fjor starta han nesten kvar einaste kamp, i år har han berre starta tre kampar og blitt bytta inn i to.
– Eg føler at eg ikkje har vore på mitt beste i det siste, men det er jo veldig hard konkurranse på begge backane. Det er sjølvsagt vanskeleg å koma inn, men eg må berre jobba hardt kvar dag og so er eg klar til å ta sjansen når eg får den.
- LES OGSÅ:
I dag vart han superinnbyttaren med stor S. Han kom inn for Sidy Sagna etter 55 minutt og overtok plassen hans på den sentrale midtbana.
– I det siste har det vore ein litt tung periode, so då er det herleg å slå tilbake med eit mål. Men eg skal jobba hardt, so skal de få sjå meg på bana oftare i framtida, seier Skaasheim.
BLID KAR: Azar Karadas var so heit i toppen at ein nesten kunne sjå røyken då han var usamd med avgjersla til dommar Edvartsen om å gje Karadas gult kort i andre omgang. Men då tre poeng var i boks, snudde humøret veldig raskt.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix– Det var veldig kjekt å få sjansen på midtbana att. Det var litt uvant i byrjinga og i ei litt uvant rolle, men det var ei fin utfordring, og eg tykkjer eg løyste den heilt greitt.
Også trenar Jonas Olsson var nøgd med Skaasheim sitt innhopp i dag, men kan ikkje gå so langt som å lova han meir speletid i framtida.
– Me har mange gode alternativ, og Eirik kom i fjor og gjekk rett inn på laget. Slik er det når ein er yngre; då går det litt opp og ned. Men sjølv om han ikkje spelar so mykje, so veit eg at han kjem til å koma sterkt attende og han vil vera ein viktig spelar for Sogndal framover, seier Olsson.
(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ VIDEO: Slik opplevde Sogndal-trenar Jonas Olsson kampen. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal/NRK)
Odd snytt for straffe?
Trenarkollega Dag-Eilev Fagermo (Odd Grenland) meiner dei vart snytt for ein straffe på stillinga 0–0.
Då stadionuret passerte 25 minutt trefte eit innlegg tilsynelatande armen til Gustav Valsvik, men dommar Svein Erik Edvartsen held fløyta i ro, til stor frustrasjon for dei tilreisande frå Skien.
– Den går opp i armen hans, seier Fagermo.
Han var ikkje vidare imponert over det Sogndal presterte, sjølv om det var heimelaget som kunne jubla for poeng etter kampen.
– Det er urovekkjande å tapa 2–0 for Sogndal, for eg meiner dei er det klart svakaste laget me har møtt. Det er berre dødballar. Dødballar, dødballar dødballar, dei skapar ingenting.
– SKULLE HATT STRAFFE: Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo meinte Odd vart snytt for straffe mot Sogndal.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix