Hopp til innhold

«Mr. Sogndal» rasar mot dommarstanden i norsk toppfotball

Spelaren som filma seg til straffe i kampen mellom Lillestrøm og Sogndal torsdag bør få fem kampar karantene. Det meiner Sogndal-nestor Rolf Navarsete.

Rolf Navarsete

TVILSAM STRAFFE: Rolf Navarsete er svært kritisk til den norske dommarstanden. Han meiner og at den tvilsame LSK-straffen torsdag må få konsekvensar.

Foto: NRK / Scanpix

I dagens Sogn Avis går den mangeårige spelaren og leiaren i Sogndal Fotball kraftig ut mot dommarane i norsk toppfotball.

- Vi vart pissa på av dommarane då vi byrja å hevde oss på 80- og 90-talet. Vi var små og vart hersa med då det ikkje fekk konsekvensar å dømma feil mot oss, seier Navarsete til avisa.

Han meiner at det no er historia som gjentek seg med ein ny generasjon toppdommarar i Norge. No meiner han at episoden som førte til straffe for Lillestrøm bør få konsekvensar, både for dommar Trygve Kjensli og LSK-spelar Fredrik Gulbrandsen.

– Gulbrandsen bør få fem kampar suspensjon. Dette er lureri på høgt plan, seier Navarsete til avisa.

Han reagerer også sterkt på at dommaren låste seg inn i garderoben etter kampslutt og nekta å snakka med nokon etter den mildt sagt tvilsame straffesituasjonen.

– Han burde vedgå at han vart lurt, i staden for å gøyme seg bak døra, seier Navarsete som meiner at Kjensli bør få karantene i to kampar som toppdommar.

Rolf Navarsete vart nyleg utnemnd til "Årets samfunnsentreprenør" i Norge og fekk tildelt prisen frå næringsminister Trond Giske.