Altfor lettvint straffe. Han filma, meinte Sogndal-spelarane, og det kom til krangel. Hannu Patronen snakka på seg gult kort.
Etter kampen stadfesta Gulbrandsen sjølv dette overfor NRK.
– Det var ingen kontakt. Det skulle ikkje vore dømt straffe, sa Gulbrandsen.
– Eg er sikker på at han skal ta ut beinet og felle meg, men det gjorde han ikkje. Da fall eg, og da blir det jo filming. Rett og slett, utdjupar Gulbrandsen overfor TV 2.
– Det såg ikkje ut til å vere straffe. Vi hadde gode sjansar som vi ikkje scora på. Vi burde vunne, eg er j*** skuffa. I dag tapte vi to poeng, sa ein arg Sogndal-trenar Jonas Olsson til C More rett etter kampslutt.
– Slik er det. Vi er Sogndal, vi får ingen straffer sjølv, men vi får mange imot, seier Olsson.
Sogndals Ulrik Flo var midt i situasjonen som gav straffe.
– Det var reint skodespel, sa Flo til NRK.
Dommar Trygve Kjensli ønskte ikkje å kommentere straffesparket overfor NRK.
Dermed enda det med 2–2 og poengdeling på Åråsen, etter tomålsleiing for Sogndal ved pause.
Raudt kort til Sogndal
Hans kollega Magnus Haglund var også skuffa, men av andre grunner:
– Vi kjem ikkje i gang før i andre omgang, Då spelar vi bra som vi vil, og skulle nok hatt fleire mål, seier Haglund.
Petter Vaagan Moen sette uansett straffa sikkert i mål, og det stod 2–2.
– Mot Sogndal heime skal vi vinne om vi vil være med i toppen, sa Lillestrøm-kapteinen.
Kjeftekortet frå straffesituasjonen skulle vise seg å bli kostbart for Patronen. Nokre minutt før slutt fikk han eit nytt for felling av Bjørn Helge Riise. To gule er lik raudt, og Sogndal måtte spele dei siste ti minutta med ti mann.
Dødball bak Sogndals mål
Ikkje uventa var det to dødballsituasjoner som gav scoringer for Sogndal.
Hannu Patronen sette inn det første midt i første omgang. LSK-forsvaret fekk ikkje avklart etter eit hjørnespark, og finnen scora enkelt frå kort hald.
Sju minutt før pause la Per Egil Flo eit presist frispark på skallen til Gustav Valsvik, som dobla Sogndals leiing.
Gjestene leia dermed 2–0 ved pause, og så ut til å ha stø kurs mot tre overraskende poeng.
Men midt i omgangen avslutta innbytar Ohi Omiijuanfo dagens vakreste angrep med scoring og redusering. Heimelaget augna poeng, og fekk det til slutt.
Mister kapteinen mot AaFK
Mot slutten pressa Lillestrøm, og etter utvisninga brukte Sogndal svært lang tid på alt dei gjorde seg. Likevel la dommeren til berre tre minutt, og Sogndal fekk poenget dei jobba for.
Petter Vaagan Moen pådrog seg gult kort for ei takling. Det betyr at kapteinen ikkje får spele neste kamp mot Aalesund måndag.