Hopp til innhold

Snart to år sidan sist Sogndal fekk dømd straffe i sin favør

Statistikken syner sitt tydelege språk. Sist Sogndal fekk tildelt straffe i eliteserien var i den 18. serierunden som vart spelt 30. juli 2011.

Straffestatistikk

KLAR STATISTIKK: Tala frå Opta Nor syner at sist Sogndal fekk straffe var i 18. serierunde i 2011. Her frå kampen mot LSK, der Petter Vågan Moen set ballen i mål bak Sogndal-målvak Erik Dahlin. Statistikken som er innfelt, syner når eit eliteserielag sist fekk tildelt eit straffespark.

Foto: Opta Nor / Scanpix

Heime på Fosshaugane har det gått 85 minutt av kampen mot Rosenborg som då leia 0-1. Etter ein situasjon inne i feltet bles dommar Kjetil Sælen i fløyta.

Ole Jørgen Halvorsen legg ballen til rette, skyt og sikrar eitt poeng for Sogndal. Deretter har det vore tyst i dommarfløyta i straffefavør for Sogndal. Det er statistikarane i Opta Nor som har funne tala for NRK.

Den syner at Sogndal er det einaste tippeligalaget som ikkje fekk ei einaste straffe verken i 2012, eller hittil i 2013. Nærast kjem Strømsgodset og Vålerenga, som fekk kvar si straffe den 24. serierunden i 2012.

– Dei større laga med pondus og litt meir «trøkk» rundt seg får nok meir merksemd. Det kan vere ein medverkande årsak til at dei små laga får færre straffespark tildelt. I tvilstilfelle, så er det nok noko i at dei små laga får færre straffer enn dei skulle hatt, seier sportsleg koordinator i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til NRK.

Ole Jørgen Halvorsen

SISTE STRAFFEJUBEL: Ole Jørgen Halvorsen jublar etter straffescoring mot Rosenborg 30. juli 2011.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var ingen kontakt


Kjenslene har vore sterke i Sogndal Fotball dei siste dagane etter bortekampen mot Lillestrøm.

Sogndal låg an til å ta tre sterke poeng då Fredrik Gulbrandsen på akrobatisk vis snublar i straffefeltet. Dommar Trygve Kjensli bles og Petter Vågan Moen set ballen i mål, kampen endar 2-2.

– Det var ingen kontakt. Det skulle ikkje vore dømt straffe, sa Gulbrandsen til TV2 etter kampen.

– Eg er sikker på at han skal ta ut beinet og felle meg, men det gjorde han ikkje. Da fall eg, og da blir det jo filming. Rett og slett, utdjupar Gulbrandsen.

Olsson var rasande

Sogndal-trenar Jonas Olsson er vanlegvis ein sindig svenske. Men etter LSK-kampen var han rett og slett rasande.

– No har eg vore trenar for Sogndal i 38 kampar i eliteserien og vi har enno ikkje fått eit straffespark, men vi har fått mange imot oss, sa Olsson.

Han hevdar at det er eit problem i mange ligaer, også i den norske eliteserien, at dei små laga får færre straffer.

– Dommarane er nøytrale

rune pedersen

DOMMARSJEF: Rune Pedersen.

Foto: NRK

Toppdommarsjef Rune Pedersen ville før helga ikkje kommentere den aktuelle situasjonen på Åråsen. Men han slo fast at dommarane har god kompetanse på det dei gjer på bana.

– Alle skal vere trygge på at våre dommarar er nøytrale og kun dømme ut frå det dei ser på bana, sa Pedersen.

Patronen står over

I kveld møter Sogndal Odd Grenland heime på Fosshaugane. Der må dei i kveld klare seg utan midtbanesjefen Hannu Patronen. Han fekk sitt andre gule kort, og dermed raudt, i kampen mot LSK og må stå over.

Dermed opnar det opp for at supertalentet Bjørn Inge Utvik (17) kan få sin eliteseriedebut. Utvik kom frå Haugesund FK til Sogndal i starten av april.

Lund startar

– Bjørn Inge Utvik er eit av dei råaste midtstoppartalenta i landet, og det er ein grunn til at me henta han. Det er soleklart at han er eit av alternativa, seier Tom Mangersnes, assistenttrenar i Sogndal.

Men i følgje Håvard Flo er det Espen Næss Lund som startar kampen i dag, med Utvik på benken. Han gjorde eit godt innhopp i kampen mot Lillestrøm.

– Han blir Hannu Patronen sin vikar i dag, sler Flo fast.

Siste nytt

  • Ronny Deila ferdig som trener i Atlanta United

    Ronny Deila (49) får ikke fortsette i Atlanta United. Han har slitt med å få resultater etter MLS-comebacket.

    Klubben bekrefter avgjørelsen på sine nettsider. Deila avsluttet grunnserien i MLS med å spille 1–1 mot DC United natt til søndag.

    Deila hadde kontrakt til og med 2027-sesongen, men nå er samarbeidet over etter én sesong. Under telemarkingen hadde Atlanta United sin verste seriestart siden Georgia-klubben begynte å spille MLS-fotball i 2017.

    Motgangen kom selv om profiler som Emmanuel Latte Lath og Miguel Almirón ble hentet før sesongen.

    Deila mistet jobben etter sesongavslutningen søndag. (NTB)

    en mann med hånden på ansiktet
    Foto: LEONARDO FERNANDEZ / AFP / NTB
  • Nordmann med sølv i 24-timers VM i Frankrike

    Jo Inge Norum (48) løp 285 kilometer i løpet av de 24 timene i VM i Frankrike, noe som holdt til VM-sølv og ny nordisk rekord.

    – Det føles veldig, veldig bra. Det var bedre enn forventet. Jeg forventet kanskje topp 10 opprinnelig, men så spiste jeg meg stadig innpå underveis, sier en litt sliten men fornøyd Norum til NRK.

    – Det er kjempestort. Han setter jo ny norsk rekord og i tillegg ny nordisk rekord, sier lagleder Lars Erik Gylland.

    Ukrainske Andrii Tkachuk løp 294 kilometer og sikret seg gullet. Finske Jonka Matti tok bronsen med to kilometere kortere distanse enn Norum.

    I kvinneklassen ble Ida Slorafoss beste norske kvinne med 240 kilometer og en 9.-plass.

    Jo Inge Norum jubler for VM-sølv.
    Foto: Aina Nygård / Aina Nygård
  • Hovland avsluttet med et brak i India: – Du er jo ikke sann

    Viktor Hovland spilte seg opp til 6.-plass på siste dag av europatourturneringen i New Delhi i India.

    På det 18. og siste hullet klinket nordmannen til med en eagle og bykset opp på resultatlistene.

    – Du er jo ikke sann! utbrøt Viaplay-kommentator Joakim Mikkelsen etter at Hovland chippet ballen i koppen fra omkring 22 meter.

    Hovland endte turneringen med 17 slag under par på delt 6.-plass. Tommy Fleetwood vant turneringen med 22 slag under par. Keita Nakajima fra Japan ble nummer to.

    Turneringen var Hovlands første siden han fikk nakketrøbbel i Ryder Cup, der han måtte stå over siste dag og som tilskuer se Europa sikre tittelen.

    – Nå håper vi at nakke og alt samarbeider de neste ukene, sa Mikkelsen.

    (NTB)

    Viktor Hovland
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal