Hopp til innhold

Smartare tunnelbygging vil spare staten for milliardar

Fersk rapport frå Statens vegvesen viser at staten kan spare 5,4 milliardar kroner på 20 nye tunnelar i Noreg.

Tunnelarbeid

BILLIGARE: Ekspertgruppe frå Statens vegvesen meiner ein kan spare milliardar på nye tunnelar i Noreg.

Foto: Øyvind Ellingsen / Statens vegvesen

– Dagens regelverk og praksis gjer norske tunnelar unødvendig dyre, seier Marius Slinde, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Han har saman med ei ekspertgruppe sett på korleis ein kan spare 5,4 milliardar på å bygge tunnelar på ein enklare, men fullgod måte.

Dei har sett på dei 20 vegprosjekta som ligg inne på prioriteringslista til Vegvesenet, der skal det byggast 233 kilometer med ny tunnel.

Les også Finnmark føler seg oversett i Nasjonal transportplan

Riksvei 94 mellom Hammerfest og Kvalsund åpnet for trafikk på tirsdag 23. januar. Veistrekningen har vært stengt siden mandag 22. januar på grunn av snøskred.

Leiar for utbygging i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, meiner ekspertgruppa har gjort ein viktig jobb.

– Vi må bygge mange mil med tunnel i framtida for å gjere vegnettet tryggare i Noreg, og sikra betre framkome på riks- og fylkesvegane. Då er det viktig at ein ikkje byggjer tunnelane meir komplisert enn nødvendig.

Kjell Inge Davik utbyggingsdirektør i Statens vegvesen

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, meiner dagens tunnelar blir bygga meir komplisert ein dei burde.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Les også Slik kan ein løyse problemet i 188 tunnelar i Noreg

Fresar tunnelen i Solund.

38 tiltak

Arbeidsgruppa med erfarne tunnelfolk frå heile landet har vurdert 38 ulike tiltak.

Dette er nokre av tiltaka med størst økonomisk effekt:

  • Redusera tjukkleik på betongelement (reduksjon på 574 millionar kroner).
  • Smalare vegskulder for tunnelar med moderat trafikk (reduksjon på 1 milliard kroner).
  • Opne for bruk av sprøytebetong over PE-skum/membran på tunnelar med relativt høg trafikk (reduksjon på 1,1 milliardar kroner).

  • Vurdere nye løysingar for brannsløkking (reduksjon på 874 millionar kroner).

Eit anna viktig tiltak arbeidsgruppa har sett på er forseinkingsrenta som vert nytta i kontraktane til Statens vegvesen.

Ein reduksjon frå 8 prosentpoeng (+ styringsrenta til Noregs Bank) til 4 prosentpoeng vil gjere at færre entreprenørar tar usemjer til retten noko som kan spare 1,8 milliardar kroner i tunnelprosjekt.

Ein reduksjon vil gjere at dei kan inngå kontraktar på lik linje med Nye vegar AS og Bane Nor SF.

Marius Slinde, Statens vegvesen

Marius Slinde i Statens vegvesen har saman med ei ekspertgruppe sett på fleire tiltak som kan gjere nye tunnelar billigare.

Foto: Statens vegvesen

Kraftig utsleppskutt

Tunnelgruppa har også vurdert korleis nye tunnelar kan kutte klimautslepp.

Særleg eit tiltak kuttar utsleppa av CO₂ kraftig:

Ved å redusere tjukna på betongelementa frå 15 til 12 centimeter er det mogleg å bruke éit armeringsnett i staden for to.

Dette vil kutte utsleppa med 65.000 tonn CO₂.

– Brukar ein også rustfritt stål, aukar vi levetida på tunnelveggane frå 50 til 100 år, seier Slinde.

Fem av tiltaka kan gjennomførast utan å endre dagens regelverk for bygging av tunnelar. Sju av tiltaka vil krevje regelendringar.

Roser intiativet

Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland roser arbeidet som er gjort av vegvesenet.

– Vegprosjekt er fryktelige kostbare, og viss ein får lågare kostnadar er det større sjansar for at fleire prosjekt blir gjennomført, seier Askeland.

Sjølv om ein reduserer bruken av betong og armeringsnett, meiner ekspertgruppa at det vil vere like trygt å køyre gjennom tunnelane.

– Vi må unngå løysingar som gjev marginale gevinstar, slik at det vert rom for å realisere andre prosjekt raskare, seier Slinde.

Les også 200 tunnelar har usikra PE-skum i taket: – Som bensin i fast form

Tunnel med udekt PE-skum i Runehamartunnelen ved Åndalsnes. Tunnel der det blir gjort omfattande branntestar.