Dei gråe og svært brannfarlege mattene med PE-skum ligg klistra inn til tunnelveggen i Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Sunnfjord.
– Skrekkscenarioet er at det skal skje ei trafikkulukke og at mattene tek fyr, seier Øivind Helle, beredskapsleiar for brann og redning i Sunnfjord kommune.
Saman med NRK er han på synfaring inne i den 6 kilometer lange tunnelen.
Beredskapsleiar for brann og redning i Sunnfjord kommune, Øivind Helle, vedgår at dei har lite å stille opp dersom isolasjonsmattene med PE-skum tek fyr inne i Naustdalstunnelen. Mattene er synlege på tunnelveggen.
Foto: Bård Siem / NRKNokre av mattene er dekte til med eit tynt lag sprøytebetong. Andre er ikkje dekte til i det heile. 350 meter av tunnelen har brannfarlege matter på vegger og tak.
– Med brennande matter vil det bli ei veldig brannutvikling og kraftig røyk. Det vil bli vanskeleg eller ingenting å gjere for brannmannskapa, seier Helle.