Hopp til innhold

Henta heim ti NM-medaljar

– Ni medaljar til Sogn og Fjordane i eit NM, trur eg vi skal vere nøgde med. Det er to medaljar meir enn eg hadde håp om, seier trenar Jørund Årdal etter helgas NM i friidrett.

Henrik Holmberg

OVERRASKA: Få hadde venta at Henrik Holmberg skulle stå på pallen etter høgdekonkurransen under friidretts-NM i Kristiansand.

Foto: privat

Meisterskapen i Kristiansand fekk ein god start for dei lokale klubbane. I tillegg til seks medaljar, sikra strynejenta Inger Anne Frøysedal (Tjalve) gull med ny personleg rekord i tresteg.

Hoppet på 13,71 meter var berre 12 centimeter bak den norske rekorden.

Gloppen FIL vart den av klubbane i fylket som sikra seg flest medaljar, med fem i talet.

– Det var vel det vi hadde håp om og meinte var realistisk. I tillegg hadde vi nokre fjerdeplassar som fort kunne blitt til edelt metall, seier trenar Jørund Årdal.

Tre gullmedaljar

– Men meisterskapen bar nok preg av at det nasjonalt sett var altfor mange toppar som ikkje var med. Samstundes viste det er mange nye på veg opp og fram. Det tykkjer eg er veldig gledeleg, held han fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MÅLFOTO: Så jamt var det på 200 meterfinalen laurdag. Øyvind Strømmen Kjerpeset (øvst i biletet) vart til slutt nummer tre.

Foto: Målfoto

For fylket sin del vart det til slutt tre gull, fem sølv og to bronsemedaljar.

– Eg vil sei at sølvmedaljen til Henrik Holmberg og Øyvind Strømmen Kjerpeset si bronse på 200 meter var mest overraskande, seier Årdal.

Isane for 25. gong

Flora-utøvaren fortalde til NRK.no at han på grunn av skadeproblem vurderte å stå over finalen på 200 meter. Vikjen Holmberg satsar hardt på mangekamp og sette ny personleg rekord med 2,05 i høgde.

Elin Isane

VETERAN: Elin Isane tok si 25. NM-medalje i Kristiansand.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Du kan sei han hadde stong inn, seier Årdal som også trekkjer fram evigunge Elin Isane (GFIL). Sølvmedaljen ho sikra seg vart hennar 17. i diskos og hennar 25. NM-medalje.

– 51,45 er eit fantastisk godt resultat. Det er faktisk berre ein halvmeter frå hennar personlege rekord. Ho har teknikken, er godt trent og har godt med rutine, seier Årdal.

Personlege rekordar

Trenaren legg til at forholda i Kristiansand ikkje gjorde det lett for utøvarane å perse seg i øvingane. Det har vore ei kald og våt helg på Sørlandet.

I tillegg til Holmberg og Frøysedal, sette også Marit Årdalsbakke i diskos og Merete Helgheim (begge GFIL) i kappgang, ny personleg rekord.

NM-medaljar 2012

Kvinner Diskos

  • 2) Elin Isane (GFIL), 51,45m
  • 3) Trude Raad (GFIL), 48,65m

Kvinne Slegge

  • 2) Trude Raad (GFIL), 61,09m

Kvinner kappgang

  • 1) Merete Helgheim (GFIL), 14,00,09
  • 2) Kristiane Rygg (GFIL), 16,07,31

Kvinner tresteg

  • 1) Inger Anne Frøysedal (Tjalve), 13,71 m

Menn 100 m

  • 2) Eivind Stavang (Florø), 14,65

Menn 200 m

  • 3) Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø), 21,95

Menn 400 m hk

  • 1) Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø), 51,67

Menn høgde

  • 2) Henrik Holmberg (Vik), 2,05m