Hopp til innhold

Slike kan vere katastrofale ved ein flaum

Landbruksvegar, stølsvegar og skogsvegar kan utgjere ein stor risiko ved ein eventuell storflaum. – Faren er at vatnet proppar seg og utløyser skred, seier fylkesskogmeisteren.

Granskog

IDYLL: Dei mange vegane i utmarka kan leie ein til dei mest fantastiske plassane, men kan også utgjere stor fare ved ein eventuell storflaum.

Foto: Arild Nybø / NRK

Med enorme snømengder i høgfjellet fryktar NVE storflaum når dette smeltar . Spesielt stor er faren med regn og høge temperaturar.

Fylkesskogmeister Torkel Hofseth oppmodar eigarar av landbruks-, støls- og skogsvegar om å sjå til at vatnet får passere.

– Dei er utsette. Vegane ligg der og ein har ikkje dagleg oppsyn til dei. Dei ligg i utmarka og det er gjerne mange grunneigarar og lite definert korleis vedlikehaldsarbeid skal gjerast, seier han.

Fryktar proppar

Kring om i fylket er det minimum 500 kilometer privat bil- og traktorvegar. På vegar som er eldre enn 15 år er stikkrennene ofte underdimensjonert.

I tillegg kan kvist, lauv og anna ha tetta både stikkrenner og sandfangskummar. Då finn vatnet nye vegar. For vatnet skal ned.

– Vi fryktar at vatnet kan proppe seg og utløyse uønska katastrofeflaumar på nedsida av vegen. Vatnet tek ut på ville vegar, møter ein ny bekk og blir til ei elv som er for stor for stikkrennene lenger nede. Det kan true busetnad eller jordbruksområde og vegar under, seier Hofseth.

Ta spaden på tur

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

GUNSTIG: Brigt Samdal, regionsjef i NVE Vest, meiner dei høge temperaturane i helga er gunstig for snøsmeltinga og flaumfaren.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Fylkesskogsjefen oppmodar folk til ta seg ein tur for å sjekke. Også område der det har vore skogsdrift siste to til fire åra er utsette.

– No er det fint vêr og då då kan ein ta seg ein tur og sjekke. Ha då gjerne med ein spade for å reinske, samt å lage overflaterenner slik at vatnet går ut av vegen, seier han.

Brigt Samdal, regionsjef i NVE, mseier seg samd med oppmodinga frå Fylkesmannen.

– Gunstig for smeltinga

Han meiner varmeperioden vi er inne i no er gunstig med tanke på flaumfaren. Skulle det bli større nedbørsmengder er det derimot verre.

Grunna dei store snømengdene er heile perioden for snøsmelting forskyvd fire-fem veker. NVE følgjer situasjonen nøye.

– Vi ventar snøsmelting til langt ut i august, og meiner dei neste seks-sju dagane vil vere gunstig. Det er ikkje meldt dei store nedbørsmengdene, seier Samdal og avsluttar.

– Det er knytt størst fare til innleiande periode, då den største dekningsgraden av snø vil smelte. Men gjennom sommaren plar vi få intense sommarbyger som kan vere krevjande å handtere.