Uthuset er over tre meter høgt - så mykje er synleg

Snømengda i fjellet er heilt eksepsjonell, seier turlagsveteranen Kjell Kleiven. Andre pinsedag tok han bilete som underbyggjer påstanden.

Kjell Kleiven og nedsnødd hytte

NEDSNØDD: Uthuset ved Longevasshytta er over tre meter høgt. Det er såvidt det stikk opp over snøen, konstaterte Kjell Kleiven.

Foto: Kjell Kleiven/privat

Kleiven har sidan 1997 kvart år hatt seg ein tur til Longevasshytta i fjellområdet mellom Jølster og Naustdal i slutten av mai. Aldri har han sett slike snømengder som i år.

– Det er heilt eksepsjonelt. Eg snakka med eigaren av ei hytte ved Stegsvatnet. Han har prøvd å molde rundt hytta si, men det har ikkje hjelpt stort. Av uthuset er det berre lufteventilen som er synleg. Det er truleg skade på bygningane.

Lufteventil på uthus ved Stegsvatnet 25.5. 2015

BERRE VENTILEN ER SYNLEG: Under snøen ligg eit uthus ved Stegsvatnet. Det einaste vi ser av bygningen er lufteventilen.

Foto: Kjell Kleiven

Kleiven gjekk frå Legestøylen inst i Årdalen i Jølster. Alt der fekk han seg ei overrasking.

– Snøen låg framleis nede i dalen, slik at eg ikkje kunne køyre bil fram til parkeringsplassen. Og oppover mot Stegsvatnet var det mykje snø.

Hytte ved Stegsvatnet 25.5. 2015

MYKJE GRAVEARBEID: Eigaren av denne hytta har prøvd å hjelpe snøsmeltinga med å ha på mold, men effekten er førebels liten.

Foto: Kjell Kleiven

– Lenge før stien kan opnast

Stien frå Årdalen til Longevasshytta går langs Stegsvatnet, og mange somrar går det lang tid før det er råd å gå denne stien på grunn av snøfenner som ligg ut i vatnet. Kleiven gjekk på ski over vatnet og heldt seg midt på vatnet.

– Heile tida medan eg gjekk rasa det snø i fjellsida der stien går. Det kan bli langt på sommaren før det let seg gjere å kome forbi det vanskelegaste stykket.

Stegsvatnet 25.5. 2015

RASFARLEG: Stien langs Stegsvatnet går langs stranda på venstre sida.

Foto: Kjell Kleiven

– Mellom tre og fire meter

Også i området der Longevasshytta ligg, rundt 800 meter over havet, ligg snøen tjukk.

– Det er mellom tre og fire meter djup snø. Og den siste tida har det auka i staden for å minke. Det har vore påfyll med nysnø nesten kvar natt, og smelting er det smått med.

Longevasshytta 25.5. 2015

ALDRI SETT SÅ MYKJE: Slik såg det ut ved turlagshytta Longevasshytta andre pinsedag.

Foto: Kjell Kleiven