NVE gjekk i går ut med ei oppmoding til kraftprodusentane om senke vasstanden i dei største magasina på Vestlandet, nettopp for å unngå storflaum. Kraftig snøsmelting, kombinert med mykje utslepp av vatn frå kraftstasjonane, er ein kombinasjon ein absolutt ikkje vil oppleve.
– Det er vêrutviklinga som er heilt avgjerande for kva slags flaum vi får. Vi får satse på at ein moderat overgang til sommaren gjer at snøen smeltar og kjem ned til sjøen på ein snill måte, seier vakthavande hydrolog i NVE, Ingeborg Kleivane Krøgli.
- Les også:
Høgtrykk gjev snøsmelting
I morgon kjem eit forbigåande høgtrykk inn over Vestlandet, noko som vil føre til høgare temperaturar og soloppvarming, også i dei snødekka fjellområda. Men NVE vil førebels ikkje varsle nokon flaumfare som ein følgje av dette.
– Det ser ut til at den nedbøren som kjem inn fram mot helga vil kome som regn og det vil bli forbigåande varmare. Då vil det nok smelte litt snø og det vil bli litt påfyll i vassdraga. Men det blir nok ikkje nokon store flaumvassføringar no i helga, seier Krøgli.
– Vi kjem til å vurdere situasjonen nøyare i morgon når det gjeld helga, og særleg søndag. Vi ber folk følgje med for å sjå utviklinga temperatur og nedbør.
Under flaumen på Vestlandet i fjor haust blei over 1000 eigedomar skadde.
Tappar vatnet i magasina
– Vi har halde ein høg produksjon i år for å kunne halde vasstanden så låg som mogleg. På den måten vil vi vere førebudde til å kunne ta i mot det vatnet som er venta. Det fortel Jarle Hodne som er kommunikasjonsrådgjevar i BKK.
Dette er eit av tre tiltak BKK har gjort for å forhindre ein eventuell sommarflaum.
– På den mest utsette plassaen har vi fått godkjenning frå NVE om å ha lågare vasstand enn det som er normalt sommarstid. Dette for å få ein ekstra buffer for det smeltevatnet som er venta. Godkjenninga gjeld anlegget i Hamlagrøvatnet i Bergsdalsvassdraget. Det er det vassdraget som er mest kritisk med tanke på flaum, seier han.
Meiner dei er godt førebudde
Hodne seier BKK er godt førebudd på ein eventuell storflaum. Han meiner dei har gjort dei tiltaka dei kan for å unngå ei ein stor vårflaum med potensiell skadefare.
Også Hydro, som har stor produksjon av kraft i mellom anna Telemark og Sogn, er tydelege på at dei held situasjonen under kontinuerleg oppsikt.
– Magasina er i stor grad tappa ned for å møte vatnet frå snøsmeltinga som må kome. Det vil gje ein kontrollert smelting og tilsig. Men om det kjem brått sommarvarme og nedbør over normalt, så vil det kunne påverke situasjon. Vi har beredskap på dette, seier informasjonssjef i Hydro, Halvor Molland.