Hopp til innhold

Maimorgon: Vakna til snø i vegbana

Fleire bilistar er blitt overraska av snø i vegen denne fredagen i mai.

Solheimsdalen

NYSNØ: På riksveg 609 mellom Askevoll og Førde er det komme godt med nysnø i morgontimane.

Foto: NRK-tipsar

Mange vakna opp til gråvêr og snø denne 8. maidagen. På E39 ved Langeland i Gaular har det komme snø som har lagt seg i vegbana.

– Det verkar som det er store lokale skilnader når det gjeld vêr og føre, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Nordheitunnelen

NORDHEITUNNELEN: Snø og slaps på riksveg 609.

Foto: NRK-tipsar

Han rår folk som skal ut på vegane til å sjekke føreforholda før dei legg ut på tur.

NRK held deg oppdatert på trafikken.

Helldalsheia

BRØYTER: Brøytetraktoren måtte i sving på Helldalsheia mellom Vadheim og Guddal.

Foto: NRK-tipsar

Også over Romarheim på E39 er det komme snø i løpet av morgontimane.

– Det har vore ein del snø, men no er det i ferd med å bli bart i spora, seier Molvær.

Situasjonen på vegane 0815:

Han seier dei som skal køyre over riksveg 55 over Sognefjellet må ein ha vinterdekk. I tillegg er det og har vore mykje vind over riksveg 13 over Vikafjellet og det har vore problem med redusert sikt. Også på fylkesveg 50 Aurland – Hol er det snø. På fylkesveg 53 over Årdal – Tyin har entreprenøren akkurat vore på vegen for å salte.

Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt, men det blir gjort ny vurdering klokka 12.

– Erfaringsmessig så tinar snøen vekk i 10 – 11-tida, men folk bør sjekke forholda før dei legg ut, seier Molvær.

Romarheimsdalen

SLAPS: På E39 over Romarheimsdalen er det også snø og slaps.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen