Familien har hytte på Sogn og Fjordane-sida av fylkesgrensa, og var på veg heim då uvêr stengde fjellovergangen. Familien måtte fraktast ned med snøskuter.
I helga var Kjetil Iden tilbake for å leite etter bilen. Ifølgje TV2 var det lettare sagt enn gjort.
– Vi måtte først grave oss inn for hand i ei slags hole. Då vi hadde lokalisert bilen, fekk vi hjelp av brøytemannskap til å frese vekk mesteparten av snøen, seier han TV2.no.
Sju timar
TOK SI TID: Det var ikkje berre berre å få fram att bilen frå dei store snømengdene. Heldigvis kom brøytemannskapet med fresen sin og hjelpte til.
Foto: privatIden hadde markert med to skistavar der bilen stod parkert. Etter sju timar med graving kunne bilen takast i bruk att. Etter ti dagar under fleire lag med tettpakka snø, var ein spegel losna, og lakken hadde fått skadar enkelte stader.
Iden seier han er svært glad for at brøytemannskapa hjelpte til i bergingsaksjonen.
- Les også: Åtte meter under dei ligg vegen
– Eg hadde aldri klart å grave den heilt fri for eiga hand. Det hadde tatt mange dagar, seier TV2-reporteren til NRK.
Lenge stengt
SKREDFARE: Per Ove Fossheim i Statens vegvesen seier Vikafjellet ikkje vil opne før tidlegast onsdag.
Foto: Randi Indrebø / NRKMykje snø og uvêr er stikkordet for riksveg 13 over Vikafjellet i starten av 2015. Sidan nyttår har fjellovergangen vore meir stengd enn open. Stengd er den framleis, og etter ei synfaring med geolog i dag er det klart at den tidlegast vil opne onsdag.
– Vi har vore på ei synfaring i dag med geolog og vurdert forholda. Vi hadde håpa at vi kunne opne att i dag, men vi ville ha ei ekstra vurdering av snøforholda med tanke på skredfare, og slik det ser ut no er det litt usikkert, seier Per Ove Fossheim, prosjektleiar i Statens vegvesen.
(Artikkelen held fram under)
SYNFARING: Slik såg det ut i Kvassdalen på Rv. 13 i dag då Statens vegvesen var på synfaring.
Foto: Statens vegvesenHan fortel at det har gått om lag 10 dagar sidan sist vegen var open.
– Det har kome mykje regn, og i helga har det gått nokre skred, så faren for skred er der framleis.
Fossheim seier ein no nærmar seg fjoråret når det gjeld talet på timar fjellovergangen har vore stengd.
– Det som er spesielt i år er at vi fekk så mykje snø tidleg på vinteren. I tillegg har vi hatt mykje vind. Det er nok litt spesielt i år, seier han.
HØGE KANTAR: Det har kome mykje snø på Vikafjellet i vinteren. Bilete er teke måndag 16. mars.
Foto: Statens vegvesen