Hopp til innhold

Rekordmykje snø i indre - grøne bøar på kysten

STAD (NRK): Medan det er snørekord i indre delar av fylket, er det grøne bøar på kysten.

Veitastrond/Stad

STORE SKILNADER: Medan snøen har lava ned i Veitastrond, kan folk på kysten gle seg over berre vegar.

Foto: John Molland/Silje Guddal, NRK

Det er sterke kontrastar i fylket. For medan det ikkje har vore så mykje snø i Sogndalsdalen og i indre delar av fylket på 20 år, så er kysten omtrent utan ei snøfille.

Tunge tak på huset

STORE SNØMENGDER: Husa på Veitastrond er knapt synlege under all snøen.

Foto: John Molland

– Her er faktisk fem varmegrader på Stad. Tørr asfalt og snøfritt, seier NRK sin reporter, Silje Guddal.

Ho har køyrt frå vinter i Stryn med glatt og isete veg, medan det var som å møte våren då kom til Stad.

– Det var vårleg og mildt. Litt vind så eg beheldt skjerfet på, seier Guddal.

To meter med snø

Medan kysten er vårleg er det i Sogndalsdalen målt rundt to meter med snø på flat mark.

Snømåling på Veitastrond

HEFTIG: Når snøen blir målt til 1,90 på flatmark veit du at mokejobben blir tøff ...

Foto: John Molland

På Vassenden i Jølster vart skulen evakuert i går etter uvisse om taket tolte all snøen. På fjellovergangane har det vore mykje dårleg vêr dei siste dagane, med fleire stengde vegar, og stor snøskredfare.

John Molland på Veitastrond må 20 år tilbake i tid for å finne liknande snømengder.

– I 1994 hadde vi kanskje like mykje snø. No har vi måtte bruke luftputebåten for å komme oss fram og tilbake då vegen var stengt på grunn av rasfare, seier Molland.

Han har målt snømengda til å vere 1,90 på flat mark. Dermed har dei måtte ta i bruk gravemaskin for å få vekk snø.

Gravemaskina må ta tak for å få rydda snøen

HARDT TIL VERKS: Gravemaskin er det einaste som nyttar for å få vekk snøen.

Foto: John Molland

Sterk vind på fjellet

I dag lagar vinden trøbbel på Strynefjellet, der det er stengt og uvisse om ein får opna fjellovergangen. Vinden er venta å auke på utover dagen, opplyser meteorologen.

Bratte brøytekantar

BRØYTEKANTAR: Borna finn glede i dei høge brøytekantane.

Foto: John Molland

– Det er venta meir nedbør dei nærmaste dagane. I dag er det venta ein del vind, spesielt i fjellet, der kan det komme opp i ein søraust liten storm. På kysten er det venta sør til søraust sterk kuling, seier meteorolog Trond Torsteinson ved Vêrvarslinga for vestlandet.

Det vil komme regn og snøgrensa vil ligge på rundt 100 – 300 meter først på dagen. Så går det over til bygevêr utpå ettermiddagen og kvelden.

– Då minkar vinden til sørleg stiv kuling på kysten, og snøgrensa kryp nok litt oppover til 300 – 400 meter i løpet av kvelden, seier Torsteinson.

Morgonen lovar meir nedbør

Utsiktene for morgondagen lovar også meir nedbør. I form av regn og regnbyer. Litt mindre vind. Det byrjar med ein sørleg stiv kuling på kysten, men så dreier den vestleg ut på ettermiddagen.

Då kan den komme opp i ein kortvarig vestleg eller sørvestleg liten storm. På Stad kan vinden typisk nok utvikle seg til ei full storm. Men så roar det seg seint på kvelden.

Til helga blir det rolegare vêrtilhøve, med mindre vind og nedbør. Til veka ser det ut til at det blir kaldare og austavind.

Brøytekantar høgare enn folk

HØGE KANTAR: Folka blir små attmed dei høge brøytekantane.

Foto: John Molland