Hopp til innhold

Vil vaksinera 60.000 bergensarar på to veker

Helsebyråd Beate Husa seier dei er klare til å massevaksinera Bergen i løpet av februar. Det blir oppretta eigne vaksinesenter i kvar bydel.

LANGE KØAR: Det var 45 minutts ventetid ved drop in-stasjonen på Festplassen i Bergen søndag.

EIN AV FIRE: Bergen kommune håpar å kunna vaksinera ein av fire innbyggjarar i løpet av to veker i februar.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Frå midten av februar reknar me med at me kan vaksinera ein fjerdedel av kommunen sine innbyggjarar i løpet av to veker, seier Husa.

Om det går etter planen, kan kommunen altså vaksinera 26.000 pasientar i risikogruppene og 34.000 personar mellom 60 og 69 år i løpet av desse to vekene.

Slik skal vaksineringa skje i Bergen:

  • Kvar av dei åtte bydelane får eit vaksinesenter kvar.
  • I Bergen sentrum ser det ut til å bli Sentralbadet.
  • I Åsane ser det ut til å bli Åsanehallen.
  • I Fana ligg det an til å bli legevakta på Nesttun.
  • I dei andre bydelane jobbar kommunen enno med å finna lokale til vaksinesenter. Kommunen ser på å bruka kommunale lokale. Dei forsøker å unngå at det skal gå utover aktivitetar for barn og unge.
Sentralbadet i Bergen

SENTRALBADET: Bergen kommune planlegg å ha ein vaksinestad i kvar bydel. I sentrum er Sentralbadet planlagt som vaksinestad.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

1599 sjukeheimsbebuarar og 506 tilsette i helsevesenet i Bergen har til no fått fyrste dose.

Vaksineringa av sjukeheimsbebuarane i Bergen byrja som i så mange andre kommunar tysdag 5. januar. Det er snart tre veker sidan.

– Det betyr at me snart kan sjå dei fyrste positive resultata av vaksineringa. Vaksineringa er heilt sentral for at me kan ta kvardagen tilbake, seier helsebyråd Beate Husa.

Helsebyråd Beate Husa informerer om kommunens planer i tilfelle det blir storstilt vaksinering i februar.

KLARE: Helsebyråd Beate Husa informerte fredag om vaksinasjonsplanane i Bergen.

Kartlegg kven som kan vaksinera

Kommunen kartlegg no kven som allereie jobbar i kommunen som kan setja vaksinane. Dei har også lyst ut annonsar der dei søker etter helsepersonell som kan vaksinera.

Allereie har 150 personar meldt seg.

– Me har akkurat lagt ut annonsen. Det er ein formidabel respons, seier Husa.

Kan skyta fart

Frå 15. februar kan vaksineringa i Noreg skyta fart. AstraZeneca sin vaksine skal etter planen opp for godkjenning i det Europeiske Legemiddelbyrået 29. januar.

Dersom den blir godkjend kan Noreg få 1,12 millionar vaksinar i dei fyrste leveransane. EU vil at vaksinen skal leverast ut før den er godkjent, slik at vaksineringa kan starta tidlegare.

Det har fleire stadar vore usemje om kvar vaksinane skal setjast. I Trondheim har kommunen lyst ut ein anbodskonkurranse for å finna ut kva stadar dei kan bruka.

Låg smitte i Bergen

I Helse Bergen sitt område bereknar helseføretaket at R-talet no er 0,8. Fredag er fire pasientar lagt inn på Haukeland med korona.

I Bergen har mellom sju og fjorten personar fått påvist covid-19 dagleg den siste veka.