Hopp til innhold

Slik markerte forsvarsskipet frigjeringsdagen

Mannskapet på KNM «Glimt» markerte 8. mai på ein heilt spesiell måte til havs, for å heidre fred og fridom.

8.mai

PÅ VEG TIL RØST: Navigasjonen blei av det spesielle slaget på turen over til Røst i Nordland.

Foto: SKJERMDUMP / MARIN TRAFFIC

Utanfor nordlandskysten navigerte «Glimt» inn ei helsing til frigjeringsdagen.

– Ideen kom til meg seint torsdag kveld, seier Daniel Karlsen, som er skipssjef.

Over heile landet vert 8. mai markert med alt frå kransenedlegging til talar. I år er det 75 år sidan okkupasjonen av Noreg tok slutt.

Fartøyet, som har heimehamn ved Haakonsvern, har vore på tokt sidan måndag. Denne dagen var dei på veg til Røst i Nordland.

– Det var eit påfunn på sparket. Vi skulle den vegen uansett, men det tok litt ekstra tid, seier Karlsen.

Ville vise norsklæraren

KNM «Glimt» er eitt av seks fartøy i Skjold-klassen til Sjøforsvaret. Dette er nokre av dei raskaste marinefartøya i verda, med ein topphastigheit på 60 knop.

Navigasjonen av 8. mai tok vel ein time. På overfarten stogga mannskapet og la ein krans på sjøen med eitt minutts stille.

– Eg sa nokre ord til mannskapet om kor viktig denne dagen er, seier Karlsen.

8.mai

KRANS: Mannskapet på KNM «Glimt» hadde kransenedlegging og eitt minutts stille på veg til Røst.

Foto: FORSVARET

Det var Egil Timberlid frå Kaupanger som var ansvarleg for den praktiske gjennomføringa, medan Christian Thue var navigatør.

– Det var ekstra kjekt å vere i teneste om bord på eit KNM-fartøy på ein slik dag. Det blei ei veldig fin og verdig markering, seier Egil Timberlid.

– Mannskapet blei vel ikkje svimle av den uvanlege navigeringa?

– Nei, dei koste seg, og håpa dei kunne vise ein gamal norsklærar at skjønnskrifta framleis var på plass, seier skipssjef Daniel Karlsen.

For å gi eit inntrykk av hastigheita til fartøya, har det blitt sagt at mannskapet kan ete frukost ved hovudbasen Haakonsvern i Bergen, og ete ein sein middag i Tromsø.

SJÅ TUREN: Her kan du sjå korleis KNM «Glimt» navigerte på vegen til Røst. Video: MarineTraffic.