Hopp til innhold

Sakna 21-åring funne i live på Haakonsvern

Han vart funne i eit lagerrom på ein båt inne på marinebasen.

Haakonsvern

SØK PÅ MILITÆRT OMRÅDE: Det har sidan fredag vore ein stor leiteaksjon etter 21-åringen inne på marinebasen Haakonsvern.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Mannen framstod først medvitslaus, men vakna litt til, sjølv om han framleis hadde nedsett medvit, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

21-åringen vart tatt hand om av helsepersonell, og er no køyrd til Haukeland universitetssjukehus.

Politiet er på staden og undersøker kva som har skjedd.

– Det er ingen indikasjonar på noko kriminelt, men det er førebels uklart kva som har skjedd. Han låg i lagerrommet, tilsynelatande ikkje fysisk skadd, seier Algrøy.

Mannen er tilsett på marinebasen, og vart sist sett der torsdag 11. juni klokka 15.

Stor leiteaksjon

I samråd med Hovudredningssentralen på Sola starta politiet fredag ettermiddag søk etter han inne på det militære området.

I tillegg til Forsvaret deltok store ressursar frå frivillige i leitinga: Røde Kors, Norske redningshunder og Norsk folkehjelp. Politiet organiserte aksjonen

Laurdag føremiddag forklarte Algrøy at det vart finsøkt etter 21-åringen på heile Haakonsvernbasen, både utandørs og inne i bygningar. Det vart også gjort strandsøk frå sjøsida.

Mannen vart funne rundt klokka 14.

Korrigering: Politiet opplyste først at mannen var i førstegongsteneste. Dette retta politiet 13. juni klokka 12.26.