Går saman for tunnel gjennom Vikafjellet

Næringslivet i dei kringliggjande kommunane til Vikafjellet krev tunnel på den mest stengde riksvegen i landet.

Krev tunnel over Vikafjellet

TUNNEL: Næringslivet i dei kringliggjande kommunane vil ha tunnel over Vikafjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Næringsorganisasjonar frå Voss, Vik, Balestrand, Høyanger, Leikanger og Sogndal har skrive brev til samferdselsministeren med krav om tunnel gjennom Vikafjellet, skriv avisa Hordaland i dag.

– Så vidt eg veit, er det første gongen næringslivet i dei desse kommunane har samla seg på ein slik måte, seier leiar Trude Undebakke i Vik Næringssamskipnad til avisa.

Hindrar utvikling

Bodskapen i brevet er tydeleg: Stengde vegar skapar store problem for næringsliv og innbyggjarar. Dei meiner dette hindrar utviklinga i regionen.

Idag er Rv 13 over Vikafjellet den mest stengde riksvegen i landet til tross for at Stortinget har definert han som «heildøgnsopen vinterveg»

brev frå næringsorganisasjonane til samferdslesministeren

Voss Fjellandsby, Destinasjon Voss, Voss Sentrum, Høyanger Næringsutvikling AS, Balestrand Næringsforum, Opplev Leikanger, Sogndal Handel og Service og Sogn Næring er saman med Vik Næringssamskipnad avsendarar av brevet.

Avisa Hordaland skriv at næringsorganisasjonane peikar på at alle dei overordna planane er ferdige:

Vik kommune og fylkeskommunane har samanfallande vedtak om traseval, og Vikafjell-tunnel er prioritert av dei regionale vegmyndigheitene.

Ber om møte

Næringsorganisasjonane meiner riksveg 13, tunnel gjennom Vikafjellet, må komme med i framlegget til Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP).

No ber dei om få eit møte med statsråd Marit Arnstad (Sp) der dei kan leggje fram kor viktig tunnelen er for å binde regionane saman. Då med tanke på felles bu- og arbeidsmarknad, i tillegg til det aukande reiselivet.

– Vi er fleksible på møtetidspunktet, men ser at det begynner å haste i høve til framlegg av NTP, skriv dei i brevet til Arnstad.