Hopp til innhold

Ordførarar og fylkespolitikarar med store forventningar til NTP

Fredag kjem det svart på kvitt. Korleis og kva vegar vil regjeringa bruke pengar på dei neste ti åra. I Sogn og Fjordane er forventningane store.

Marta Finden Halset

NO MÅ DEN KOME: Marta Finden Halset har store forventningar til at det ligg inn pengar til ein tunnel under Vikafjellet i Nasjonal Transportplan som blir lagt fram fredag.

Foto: Johan Moen / NRK

I Vik er spenninga til å ta og føle på. Ordførar Marta Finden Halset (Ap) har lenge kjempa for ein tunnel gjennom Vikafjellet.

Kjem det ikkje pengar no ser ho ingen grunn til å ha tillit til sentrale politikarar lenger.

– Viss vi ikkje er inne på Nasjonal Transportplan denne gongen, då blir vi svært, svært skuffa.

– Og då har eg eit spørsmål, korleis skal vi då ha tillit til politikarane?

Har fått lovnader fleire gonger

Ordførarar og fylkespolitikarar bit negler denne veka. For fredag er det julaftan og 17. mai på same tid for dei som er interessert i vegbygging her i fylket.

Når Nasjonal transportplan vert lagt fram får vi svaret på korleis og kva vegar regjeringa vil bygge dei neste ti åra.

I Vik har innbyggjarar og politikarar kjempa i 50 år for 16 kilometer med ny veg gjennom Vikafjellet. Ein tunnel som vil koste 1,6 milliardar kroner. No meiner Finden Halset at det er realistisk å få vegen gjennom.

– Vi har hatt desse partia som no har vore i regjering i åtte år, og kvar gong det har vore val har dei vore her og lova oss Vikjatunnelen, seier ho.

Ventar avgjerd om fjordkryssing

Alfred Bjørlo

LOTE-ANDA: Alfred Bjørlo (V) set sin lit til at politikarane vel midtre linje over Nordfjorden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vik-ordføraren er ikkje åleine om å vere spent. Fleire viktige vegsaker i fylket skal avgjerast. Mellom dei trasévalet for E39 i Nordfjord.

Venstreordførar i Eid Alfred Bjørlo vil ha brua over Lote-Anda. No ventar han at svaret som kjem går i deira favør.

– Eg har ei klar forventning om at regjeringa skjærer gjennom, at dei stadfestar fylkestinget sitt vedtak om E39-trase i midtre trase over Anda-Lote. Dette er også det alternativet som har blitt styrka i all dokumentasjon som er blitt lagt fram, seier han.

– Nederlag for Sp

Han meiner det vil bli eit stort nederlag for Liv Signe Navarsete og Senterpartiet om ein heller vel å gå for alternativet via Stryn, og viser til at Sp-leiaren har gått langt i å signalisere Anda-Lote på førehand.

– Skulle det ikkje kome ei avklaring no, så vil det vere eit gedigent prestisjenederlag for Senterpartiet som har blitt overkøyrt i ei sak der dei sit med alle ministrar og alle hender ved rattet, seier Venstre-politikaren.

Spent på tunnelsatsing

I Nordfjord er også andre samferdslesaker viktige. Stad skipstunnel er alt blitt lova av statsministeren med pengar frå 2017.

I tillegg blir det jobba for å få orden på den rasutsette vegen med dårlege tunnelar opp Strynefjellet.

– Eg håpar også på gode nyhende når det gjeld riksveg 15 og Strynefjellet, seier Bjørlo.

– Og i tillegg blir det spennande å sjå formuleringane om Stad skipstunnel, som er eit prosjekt med ei enorm regional betydning.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling på talarstolen under Sp sitt landsmøte i Loen

IKKJE BERRE FJORDKRYSSING: Jenny Følling er spent på kva som kjem av pengar til vegane mellom ferjene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mellom ferjene

Også leiar av Stamvegutvalet for E39, Jenny Følling, frå Senterpartiet er spent. Regjeringa har i lekkasjane lova ferjefri E39 innan 20 år, men også varsla at ein må få orden på vegane mellom fjordane.

– Bjørset-Skei er den første, for Sande og Drægebø er det alt kome oppstartløyvingar til, så der går det sin gang.

– Vi håpar også at det ligg inne planleggingsmidlar til Førdepakken ut i perioden, slik at ein kan kome i gang med investeringar rundt Førde, seier Følling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes

FYLKESVEGAR: Åshild Kjelsnes håpar det blir lagt opp til meir pengebruk på fylkesvegane der forfallet er enormt.

Foto: Steinar Bauge/Arne Stubhaug

Vil ha meir til fylkesvegar

Nasjonal transportplan handlar om stamvegar, flyplassar, kystfarlei og jernbane, men under Sp sitt landsmøte kom det også fram at regjeringa vil gi 17,5 milliard over ti år til ekstra rassikring og vedlikehald av fylkesvegane.

Men det kan vere berre ein dråpe i havet. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes håpar fylkesvegane ikkje må lide for stamvegsatsinga.

– Det er veldig stor merksemd rundt stamvegane som utgjer 20 prosent av vegane i fylket, og mykje mindre på dei resterande 80 prosentane, seier ho.

– Kan ein få nokre avklaringar på at det ikkje berre blir smalhans framover, så er det også veldig viktig, seier ho til NRK.no.

For få år etter at fylka fekk ansvaret for fylkesvegnettet ser politikarane at det er blitt ei alvorleg økonomisk utfordring.

– Om ein ikkje får tilført rammer som ein kan drive utvikling, så er det ein parodi at ein skal ha dette ansvaret, seier Kjelsnes.

Håpar på kakefest

I Vik håpar Marta Finden Halset på kakefest på fredag. Men førebels torer ho ikkje sleppe jubelen laus.

Veke etter veke dei siste åra har ho drive lobbyverksemd for tunnelen, og i innspurten sender ho ei siste kraftsalve mot sentrale styresmakter.

– I alle valkampar dei har vore her så har dei lova oss tunnelen, difor reknar eg med at vi er inne.