Hopp til innhold

Her kan dei juble for vegpengar

I dag presenterer regjeringspartia kva samferdsletiltak dei vil satse på dei neste ti åra. Her er hovudtrekka for Sogn og Fjordane:

NTP 2014-2023

INNE: Strynefjellstunnelane, Bjørset–Skei i Jølster og tunnel gjennom Vikafjellet er blant samferdsletiltaka regjeringspartia vil prioritere fram mot 2023.

Foto: Fotomontasje

Oppstart av Vikafjellstunnelen, utbetring av Strynefjellstunnelane og fleire utbetringsprosjekt på E39 er mellom punkta som regjeringspartia i dag presenterer som tiltak i Nasjonal Transportplan for perioden 2014–2023.

Planen, som skal opp til behandling i stortinget 18. juni, blir presentert under ein pressekonferanse no klokka 12.

Vikafjellet

Størst glede er det truleg i Vik, der arbeidet med skredsikring mellom Vik og Vangsnes er prioritert med 290 millionar kroner til oppstart i første periode, og 180 millionar kroner til fullføring i siste periode.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikafjellet ved Skjelingen

VIKAFJELLET: Biletet er frå Skjelingen, og no signaliserer regjeringspartia at dei ynskjer tunnel gjennom fjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samstundes er det også klart at tunnelen gjennom Vikafjellet kjem eit langt steg nærare realisering. Etter lang tids kamp ligg nemleg planane om tunnel mellom Vik og Voss inne med 100 millionar kroner til oppstart i siste periode.

– Regjeringa legg stor vekt på å betre regulariteten over Vikafjellet vinterstid, fordi stengingar hemmar utviklinga av næringslivet i regionen, skriv departementet.

– Etterlengta prosjekt

– Dette er eit tydeleg signal på at ein kan starte planlegginga på det etterlengta prosjektet som vil bety enormt mykje for næringslivet og busetnaden i den dele av fylket, seier Sp-leiar og regional- og kommunalminister, Liv Signe Navarsete.

Senterparti-leder Liv Signe Navarsete

MINISTER: Liv Signe Navarsete.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det har vore høvesvis lite lekkasjar kring årets framlegging av NTP.

Men både Navarsete og stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) lova i forkant av pressekonferansen pengedryss over fjordfylket. I dag er altså ventetida over.

Utbetring E39

Dei som venta på svar om kvar nordfjorden skal kryssast med bru, må framleis smørje seg med tålmodigheit . Frå før er det kjent at Stad skipstunnel skal ligge inne med ein milliard , samt at den sitjande regjeringa vil jobbe mot ferjefri E39 .

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

PÅ VENT: Slik vil E39 bli lagt på Bruland i Førde dersom vegvesenet får det som dei vil.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen

Langs E39 har det vore knytt stor spenning til strekningane Vadheim – Sande, Bjørset – Skei og den mykje omtala Førdepakken .

Stamvegnettet skal i første periode utbetrast mellom Drægebø og Grytås, samt Birkeland og Sande. Det er sett av 540 millionar kroner til arbeidet. Den nye ferjekaien på Lavik skal fullførast første fireårsperiode.

Bjørset – Skei

I dag vart det klart at Bjørset – Skei blir starta i første fireårsperiode med 350 millionar kroner, med sikte på 330 millionar og fullføring i siste seksårsperiode. Prosjektet omfattar også utbetring av eit skredpunkt.

I siste seksårsperiode, 2018-2023, prioriterer regjeringa å vidareføre arbeidet med å utbetre fleire delstrekkjer mellom Vadheim og Hornindal.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39

INNE: Utbetring av Skei - Bjørset ligg inne med midlar i første planperiode.

Foto: Statens vegvesen

I tillegg til utbetring av strekkja Kjøs bru – Grodås fram til Kvivsvegen. Det blir sett av 1,2 milliardar kroner til utbetring av andre strekkjer på E39, som til no ikkje er ferdig planlagde.

Førdepakken

Vegprosjektet som skal flytte trafikken ut av Førde sentrum er ikkje omtala i transportplanen.

Navarsete seier dette er eit prosjekt dei vil komme tilbake til gjennom handlingsprogrammet som Statens vegvesen presenterer fram til hausten.

– Vi har ein stor pott til vegmidlar som ikkje er fordelt, men som går til mindre prosjekt. Mellom anna bompengeprosjekt, og deriblant Førdepakka. Den skal ein halde fram med å planlegge. Den skal realiserast, seier ho.

Tunnelar i Sogn

I Sogn er tunnelar over Sognefjellet nemnde. Departementet skriv at dei er innstilt på å gjennomføre ei konseptutvalutgreiing for prosjektet, men legg til at dette skal avklarast med fylkeskommunen før arbeidet blir sett i gang.

Departementet vil no diskutere med fylkeskommunen om vegen skal få status som riksveg, og ikkje fylkesveg.

– Dagens veg over Sognefjellet er klassifisert som fylkesveg. Departementet vil komme tilbake til saka med ei vurdering av vegens status og behov for utgreiingar. Departementet

Strynefjellstunnelane

Tunnelstandarden på riksveg 15 over Strynefjellet har vore til stor irritasjon spesielt for transportnæringa. I siste seksårsperiode, 2018-2023, vil regjeringa prioritere å oppgradere desse.

Tunnel på Strynefjellet

INNE: Utbetring av tunnelane på Strynefjellet.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Regjeringa vil komme tilbake til dette når konseptutvalutgreiinga og ekstern kvalitetssikring for riksveg 15 Strynefjellet er behandla, skriv departementet.

– Ein tek 300 millionar frå rassikringspotten inn med 400 millionar frå anna vegramme for å få til ei skikkeleg og varig løysing. Nokre strakstiltak i tunnelane må ein ha, men Strynefjellet må no planleggast for å få ei varig løysing. Og det vil komme i gang i andre periode, seier Navarsete.

Fullfører Filefjell

Tilbake i Sogn ligg Loftesnesbrua framleis inne med 230 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Loftesnesbrua i Sogndal

INNE: Loftesnesbrua i Sogndal ligg som venta inne i NTP.

Foto: Bjørgulv Mykland

Regjeringa vil også vidareføre arbeidet mellom Smedalsosen og Maristova på E16 over Filefjell, med 410 millionar kroner i første periode. Det er lagt opp til at dei attståande strekningane frå Øye i Oppland til Borlaug skal fullførast i siste periode. Dette gjeld Varpe bru – Otrøsen – Smedalsosen.

– Utbygginga av prosjekta har samanheng med at dagens veg har ein plassering som fører til dårleg regularitet vinterstid. Dårleg vêr med snødrev fører til kolonnekøyring og stenging som følgje av dårleg sikt og vanskar med å halde vegen open, skriv departementet.

Prosjektet omfattar kring 20 kilometer veg, der kring seks kilometer blir lagt i tunnel. Kostnadsanslaget er på kring 1,45 milliardar kroner.

Skredsikring

Regjeringa vil vidare sette av 830 millionar statlege kroner til skredsikring av E16 i Nærøydalen i Aurland.

Samstundes blir det sett av 710 millionar kroner til skredsikring av riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden Jølster.

Begge tiltak er tenkt til siste seksårsperiode, altså frå 2018 til 2023.

– Vi har prioritert skredsikring høgt, og eg fekk sjølv vere med å setje i gang rassikring i Kjøsnesfjorden. No blir det ferdigstilt, noko mange vil seie er på tide, avsluttar Navarsete.

Skipstunnel

Stad skipstunnel ligg som venta inne med ein milliard kroner i andre periode. Det betyr at dei no skal starte planlegginga av tunnelen frå Kjøde til Moldefjorden.

– Men vi slår fast at den skal byggjast. Det er ikkje sett noko eksakt årstal. Vi må rekne med at det går nokre år til planlegging og å få alt på plass. Det er eit unikt prosjekt både nasjonalt og i verdssamanheng, seier Navarsete og håpar på oppstart i 2017 eller 2018.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

INNE: Regjeringspartia lova for kort tid sidan ein milliard kroner til Stad skipstunnel.

Foto: NORDWEST3D