Står samla i kampen om tunnel gjennom Vikafjellet

Eit samrøystes fylkesting i Hordaland har gått inn for at Vikjatunnellen får plass i stortingsmeldinga om vegprioriteringar. Ordføraren i Vik gler seg over dette.

Vikafjellet

OFTE STENGD FJELL: I framtida kan kanskje vikjane sleppe å køyre over fjellet for å komme seg til Hordaland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Meldinga som skal opp i Stortinget i mars 2013, blir lagt fram på bakgrunn av høyringsinnspel etter Nasjonal transportplan. Sogn Avis skriv at med støtta frå Hordaland er det mykje som tyder på at Vikjatunnellen kjem med i meldinga.

Tunnel vil sikre heilårssamband mellom Vik og Voss. Tidlegare utgreiing viser at tunnelen kan kome på 1,6 milliardar.

Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen (H), er ikkje overraska over at fylkestinget samrøystes vil ha tunnel gjennom Vikafjellet.

– Dette er eit viktig prosjekt for å knyte saman Hordaland og Sogn og Fjordane, seier han til NRK.no.

Marta Finden Halset

GLAD ORDFØRAR: Marta Finden Halset tykkjer det er bra at fylkestinga er samde.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Ordførar Marta Finden Halset i Vik tykkjer dette er ei gledeleg nyheit for kommunen.

– Dette er vi veldig glade for her i Vik. Fylkestinga på begge sider av grensa har samrøystes gått inn for at tunnelen må på plass. Det er lettare å komme med ei sak til Stortinget når begge fylka står samla, seier ho til NRK.no.