Hopp til innhold

Uvêr i Sør-Noreg: Berre ein fjellovergang er heilt open mellom aust og vest

Metorologen trur på framleis utfordrande vêr på fjellovergangane måndag kveld. I vest blir ei heil rekkje fylkesvegar stengt til natta grunna rasfare.

Filefjell

FILEFJELL: E16 Filefjell er no einaste fjellovergangen med fri ferdsel mellom aust og vest.

Foto: Statens vegvesen

Skal du vestover eller austover i Sør-Noreg, så må ein bu seg på ganske så ufyseleg vêr. Ikkje minst på fjellovergangane mellom nord og sør.

– Sterk vind, opp mot stiv kuling på utsatte stader.

Det seier vakthavande metorolog ved Vêrvarslinga, Per Egil Haga, om korleis veret blir på fjellet i Sør-Noreg måndag kveld.

Eit stort snøskred sperrer togskinnene mellom Oslo og Bergen.

I ettermiddag er det liten storm enkelte stader på fjellet, men det blir litt rolegare ut mot natta.

– Vi utvidar varselet om snøfokk til å gjelde ut tysdag ettermiddag, fortel meteorologen.

Den sterke vinden kombinert med minusgrader og snø gjer det svært utfordrande på fleire av dei største fjellovergangane.

På rv. 52 Hemsedalsfjellet var det måndag kveld framleis mykje snø og vind.

Vegtrafikksentralen kunne klokka 20.30 opplyse at det var omtrent tre timar ventetid for å kome med i kolonna over fjellet.

Også fleire ferjesamband er råka av den kraftige vinden og nedbøren som har herja måndag.

Slik er stoda

Fjellovergangane:

  • E16 Filefjell, ope, men kolonne kan innførast på kort varsel
  • Rv 15 Strynefjellet, kolonne
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet, kolonne
  • Rv 7 Hardangervidda, stengd
  • E134 Haukelifjell, stengd, blir ikkje opna i dag
  • Fv 50, Hol-Aurland, stengd, blir ikkje opna i dag
  • Rv 13, Vikafjellet, stengd. ny vurdering tysdag klokka 10
  • Rv 53 Årdal-Tyin, stengd, blir ikkje opna i dag

ROSENDAL: Slik herja bølgene i Kvinnheradsfjorden i dag. Foto: Bjørg Frøystein Huse.

Det kraftige uvêret som råka Sør-Noreg måndag førte til vanskelege køyreforhold også i låglandet austanfor.

Mellom anna på fylkesveg 359 mellom Bø og Lunde måndag morgon.

Først køyrde saltbilen av vegen og velta. Deretter sklei brannbilen i grøfta, mens også kranbilen og strøbilen som kom for å hjelpe blei ståande fast.

Fleire ferjeruter var også kansellerte måndag på grunn av vêret og vêrmeldingane. Mellom anna Fjord Line sine ruter frå Bergen til Danmark.

På fylkesveg 5600 i Sogn mellom Arnafjord og Vikøyri har det gått eit ras. Der blir vegen stengt fram til kl. 10 i morgon. I Sogn og Fjordane blir ei heil rekkje fylkesvegar stengt til natta grunna fare for ras.

Mange tusen har vinterferie

For Vestlandet sin del kan ikkje meteorologisk love kvikklunsj-og-appelsin-vêr utandørs dei nærmaste dagane heller.

– Snøgrensa blir liggjande på 400 til 600 meter og det er utrygt for hagle- og tordenbyer, seier Magnus Haukeland, statsmeterolog ved Vêrvarslinga.

Fram til fredag har tusenvis av skuleborn fri frå skulen og mange drøymer nok om å kome seg ut til fjell og skiføre.

Meteorologane kan ikkje på noko vis melde om draumevêr for dei som har vinterferie.

– Dei fleste får ein dose nedbør og vind dei neste dagane. Onsdag får vi derimot ein pause frå gråvêret, med sol i store delar av Noreg, skriv dei på Twitter.

I Nord vil det vere vinterlege temperaturar, medan det i sør stort sett vil bli plussgrader.

Desse områda har vinterferie denne veka:

  • Oslo
  • Agder
  • Finnmark
  • Hedmark
  • Sogn og Fjordane og kommunane Ullensvang og Voss i Vestland
  • Møre og Romsdal
  • Trøndelag
  • Vestfold og Telemark
  • Akershus og Østfold i Viken
Vannstanden er høyere flere steder enn under ekstremværet «Elsa» i forrige uke.

Vannstanden er høyere flere steder enn under ekstremværet «Elsa» i forrige uke.

Høy vannstand i Sandefjord.

STORMFLOD: Uvêr, vind og lågtrykk fører til stormflod rundt Oslofjorden no. Her frå Sandefjord.

Foto: Camilla Ekle Jakobsen