Hopp til innhold

Stort ras isolerer fleire bygder

Eit stort stein- og jordras gjer at om lag 60 fastbuande er avskorne frå fastlandet. – Det ser dramatisk ut, seier ordføraren.

Ras Osterøy

UNDERSØKTE OMRÅDET: Fagfolk undersøkte rasstaden sundag ettermiddag.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Det var i 23.30-tida laurdag kveld det kom melding om raset på fylkesveg 5406.

– Raset har kome på Osterøy, om lag 200 meter frå Kallestadsundet bru, seier trafikkoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Verken personar, bilar eller hus er tekne i raset.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå video frå rasområdet på Osterøy.

Blir ikkje opna i dag

Kallestadsundet bru er ei av to bruer som knyter Osterøy til fastlandet. Sidan det ikkje er veg mellom desse to bruene på øya, er om lag 60 fastbuande nordaust på Osterøy isolerte.

– Det er meldt så mykje regn at det høgst sannsynleg ikkje blir starta rydding i dag, seier Sangolt til NRK like etter klokka 12.

Han grunngir det med at det er meldt mykje regn, både i natt og i morgon, og at området difor ikkje er stabilt.

Ein geolog har sundag ettermiddag undersøkt rasområdet, og det blir ikkje sett i gang noko oppryddingsarbeid i dag.

– Vegen blir ikkje opna i dag. Ny vurdering måndag klokka 15, skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Det er ikkje første gangen folk i dette området blir ramma av alvorlege ras. I 2015 rasa store delar av vegen ut i fjorden.

Ras på Osterøy

STENGD: Vegen blir ikkje opna i dag, opplyser Statens vegvesen.

Foto: John Olav Ørnes

– Ser dramatisk ut

Området der raset har gått ligg i Vaksdal kommune.

Ordførar Hege Eide Vik i Vaksdal kommune seier til NRK at ho er glad for at ingen blei tekne av raset.

– Det ser dramatisk ut, så vi er glade for at ingen er skadde, seier ho.

Kommunen jobbar no med å finna ut kva tilbod dei kan gje til folk som bur i bygdene Gammersvik, Toskedalen og Maskevik.

– Vi må finna ei båtløysing som gjer at folk kjem til og frå jobb og skule. Vi vurderer ulike løysingar, seier ordføraren.

«Om vegen vert stengt fleire dagar kan det vera aktuelt å sette inn lekter for å frakta bilar over fjorden til Stamnes», skriv kommunen på si eiga nettside.

I tillegg til dei fastbuande er det ein del hytter i området som no er isolert.

Stengde vegar

Laurdag blei det varsla vanskelege køyreforhold, men Sangolt seier det har vore rolegare enn venta.

– Det har vore få meldingar om vegane på Vestlandet. Det har vore litt på fjellovergangane, men både Hol-Aurland og Tyin- Årdal har opna att, fortald han søndag morgon.

Slik er det på fjellovergangane i Sør-Noreg kl. 16:48:

  • E134 Haukelifjell – stengd
  • E16 Filefjell - ope
  • Rv. 7 Hardangervidda – stengd, blir ikkje opna i dag.
  • Rv. 13 Vikafjellet – stengd, blir ikkje opna i dag. Ny vurdering måndag kl. 10
  • Rv. 15 Strynefjellet - ope
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet - kolonnekøyring
  • Fv 50 Hol-Aurland - stengd
  • Fv. 53 Årdal-Tyin - ope, men kan bli stengd på kort varsel
Sterk vind og dårlige værforhold har ført til stengte fjelloverganger over hele landet. Her på Haukelifjell ble det kolonnekjøring søndag. Foto: tipser/Maren Våland Øymar

Sterk vind og vanskelege vêrforhold har ført til stengde fjellovergangar over heile landet. Her på Haukelifjell blei det kolonnekøyring sundag. Foto: tipsar/Maren Våland Øymar

Kraftig vind og nedbør over Sør-Noreg natt til søndag førte til meldingar om 30 tre over vegar i Østfold og Follo. Ingen ulykker skal ha skjedd som følgje av dette.

– Varsla er stort sende vidare til lokale vegmyndigheiter som må rydde opp, seier operasjonsleiar Karianne Knudsen i Øst politidistrikt til NTB.

Mange farevarsel

Varsom.no melder om at det blir stor snøskredfare i Hardanger på sundag på grunn av høgare temperaturar og regn. Det kan kome store og naturleg utløyste skred.

I indre Fjordane, indre Sogn, Jotunheimen, Hardanger. Voss Romsdal, Sunnmøre, Hallingdal, Vest-Telemark og Heiane er snøskredfaren betydeleg.

Det er varsel på gult nivå om fare for jord- og sørpeskred i Vestland og Rogaland. For delar av Viken er det fare for jordskred aust for Oslofjorden.

Det er også varsel om flaumfare på gult nivå for deler av vestlege deler av Agder, Rogaland, og midtre og indre strøk av Vestland fylke sør for Sogn.