Hopp til innhold

Skulebussen kan måtte køyre forbi elevar

Elevane skal tilbake på skulebenken, men det er langt frå sikkert at alle kjem fram.

Nytt smitteverntiltak på bussene i Bergen. Foto: Ina Romslo Rønning

SMITTE: 27.000 elevar har krav på skuleskyss i Vestland, men smitteverntiltak gjer at det ikkje er plass til alle på bussen.

– Vi kan ikkje ha elevar som står att på busshaldeplassen, seier kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune, Åge Stafsnes.

I neste veke blir det opna opp for at alle elevar skal kome tilbake på skulebenken. Ei av utfordringane blir å få elevane til og frå skulen.

27.000 elevar har krav på skyss til skulen i Vestland, men smitteverntiltak gjer at mange seter på bussen må stå tomme.

I Vestland er det langt frå sikkert at alle skuleelevane kjem seg på bussen, noko som blir åtvara om i eit infoskriv frå Vestland fylkeskommune til både skular og føresette.

Ved Vassenden skule i Sunnfjord kommune er mange elevar avhengige av skuleskyss. Halvfulle bussar gjer at elevane i 5.–10. steg må ha heimeundervisning på måndag.

– Vi har jobba for at skulane kan ta imot elevane, men når vi får beskjed om at fylkeskommunen ikkje har kapasitet nok til å få elevane til skulen, så blir vi litt frustrerte, seier Stafsnes.

Åge Stafsnes

VIL HA ALLE TILBAKE: Kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune, Åge Stafsnes, skulle helst sett at det var nok skulebussar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kan måtte stå att på bussplassen

Avstandskrava gjer at transportselskapa Skyss og Kringom berre kan ta på halvparten så mange som vanleg.

Sjølv om eleven har rett til skuleskyss, blir foreldre bedne om å ta skuleskyssen i eigne hender.

– Vi oppfordrar alle som kan kome seg til skulen på ein annan måte, om å gjere det. Vi veit at det ikkje blir plass til alle på bussane, seier Målfrid Vik Sønstabø, som er direktør i Skyss/Kringom.

Alt av bussar og sjåførar er i drift. Difor er det ikkje rom for å sette inn ekstrabussar.

– Vi brukar alt vi har tilgjengeleg. Fleire bussar ligg ikkje inne i budsjetta våre, men vi skal gjere det vi kan for å skape ein trygg skuletransport, seier Sønstabø.

Målfrid Vik Sønstabø

BUSS: 27.000 elevar har krav på skuleskyss i Vestland. Direktør i Skyss/Kringom, Målfrid Vik Sønstabø, seier at det ikkje blir plass til alle på bussane.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

– Ikkje godt nok

Vågsøy ungdomsskule i Kinn kommune må utsetje skulestart til tysdag, mellom anna for å få ei oversikt over korleis elevane kjem seg til skulen. Os er ein av kommunane som oppmodar foreldre om å skysse elevane til og frå skulen på grunn av skuleskyss.

Ved Rosendal ungdomsskule reagerer rektor Bjørn Olav Tveit på at det er kapasiteten på bussane som skal hindre dei frå å få alle elevane på skulen att.

– Me har planlagt mot ei fullskala opning, der me med god margin kan ta imot alle elevane samstundes. No blir konsekvensen at me berre kan ta imot eit trinn kvar dag.

Tveit seier dei då må prioritere avgangselevane tre dagar i veka, medan dei to andre trinna får éin dag kvar.

– Det er langt under det eg meiner me bør få til. I vekevis har me snakka om kor urolege me er for sårbare barn og unge. Når statsministeren seier at ein no opnar for dei som er viktigast, tykkjer eg det er uheldig at det er skyssen det skal stå på, fortel Tveit.

– Eg håpar det ikkje er pengar det står på. Er det slik at ein ikkje har bussar, bør ein gå inn og diskutere ei anna organisering av skuleskyssen. Me er villige til å vere fleksible og strekke oss langt.

Vil ha fleire skulebussar

Tilbake i Sunnfjord kommune er håpet at det vert fleire bussar på vegane.

– Eg håpar på at det vert meir kapasitet, slik at vi får elevane våre på skulen kvar dag, seier kommunalsjef for skule i Sunnfjord kommune, Åge Stafsnes.

Fleire elevar må bu seg på heimeskule ein eller fleire dagar til i neste veke.

– Skulane vil ha elevane på plass, og elevane vil nok tilbake på skulen, meiner Stafsnes.