Hopp til innhold

Halvparten av utestadene braut koronareglane: – Altfor mykje

Etter 37 kontrollar denne helga er skjenkesjefen i Bergen oppgitt over resultatet. Utelivet slit med å legga til rette for god nok avstand mellom gjestane.

Kong Oscars gate i Bergen illustrasjon uteliv under koronapandemi torsdag 29.oktober

STILLE: Utelivet i Bergen var merkbart nedtona den første helga etter nye, strenge tiltak. Likevel fekk halvparten av alle sjekka skjenkestader merknad.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Natt til laurdag og natt til sundag var skjenkekontoret i Bergen innom 18 og 19 serveringsstader med skjenkeløyve i sentrum.

Det resulterte i 7 og 13 brot på smittevernreglane.

Annankvar utestad skjenkekontrollørane var innom braut dermed smittevernreglane.

– Resultatet frå fredagen var ikkje overraskande. Det tar tid å tilpassa seg. Men eg synest det var litt for mange avvik i går, seier leiar Terje Gjertsen ved Kontor for skjenkestader i Bergen kommune.

– Annakvar utestad med brot er altfor mykje.

Driftssjef for serveringen på USF Verftet, Kathleen Gjeitanger.

MUNNBIND: Driftssjef for serveringen på USF Verftet i Bergen, Kathleen Geitanger har på seg munnbind torsdag kveld. Dette var første dagen med nye, lokale tiltak i Bergen. Biletet har ikkje samanheng med helgas skjenkekontroll.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Første helga med nye tiltak

Kontrollen var den første helgerunden etter at kommunen onsdag vedtok den nye, lokale koronaforskrifta i Bergen.

Forskrifta skal vara i fire veker, og gir serveringsbransjen langt strengare vilkår enn dei nasjonale føringane Helse- og omsorgsdepartementet har lagt opp til.

Der dei nasjonale forskriftene krev at det skal vera minst éin meter mellom sitjeplassane når gjestane kjem, krev byrådet i Bergen at det til ei kvar tid skal vera éin meter mellom gjestane.

Og det er nettopp her det blir synda mest, viser den førebelse rapporten til skjenkesjef Gjersten.

– Dei aller fleste avvika, omtrent alt vil eg seia, går på tilrettelagt avstand mellom borda. Her slit utestadene med å tilpassa seg, konstaterer han.

Andre tilfelle handlar om brot på bordservering. At ein gjest får med seg ein øl frå baren og bort til bordet, er nok til ein merknad. Sjølv om det ikkje er andre gjestar i baren.

– Det er heilt klart ulike nivå på brota. Me utviser sjølvsagt skjønn og gir serveringsstadene rettleiing på staden. Sjølv om nesten alle avvik blei gjort opp på staden, gir det merknad i rapporten, poengterer Gjertsen og legg til:

– Me vil gå nærare gjennom rapporten etter helga. Det var ingenting alarmerande, sjølv om eg meiner tala er for høge.

Ansatte på Vinyl bar i Bergen med munnbind første kvelden med nye koronatiltak

VINYL BAR: Tilsette på Vinyl Bar tidlegare denne veka. Biletet har ikkje samanheng med helgas skjenkekontroll.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Dette er krava til serveringsbransjen:

Natt til torsdag trådde føringane i kraft i Bergen. Alle skjenkestader, restaurantar og andre serveringsstader der gjester skal nyta mat eller drikke skal etterkoma desse påboda:

  • Minst éin meter mellom gjester som ikkje er frå same husstand.
  • Krevja at gjester legitimerer seg, og føra lister. Gjester som ikkje legitimerer seg, skal ikkje få sleppa inn.
  • Halda lydnivået lågt nok til at gjester kan snakka saman på éin meters avstand.
  • Gjester og tilsette skal bruka munnbind når dei beveger seg i lokalet og det ikkje er råd å overhalda éin meters avstand (gjeld ikkje barn under 13 år / ungdomsskulealder).
  • Legga til rette for at gjester kan etterleva smittevernråd og ha handsprit lett tilgjengeleg.
  • Ingen gjester skal sleppast inn etter midnatt.
  • Ingen servering av brennevin etter midnatt.

Gjertsen meiner dei aller fleste utestadene gjer ein formidabel jobb med å prøva å etterkoma nye nasjonale presiseringar og nye lokale tiltak.

Ei utfordring er spriket mellom lokale krav og nasjonale oppmodingar, som mellom anna gjeld spørsmålet om legitimering. I den sentrale rettleiaren må ID sjekkast etter samtykke frå gjesten. I Bergens tiltakspakke er det eit krav.

– Dette er spesielt vanskeleg ved typiske familiestader, som til dømes Peppes Pizza. Skal barn visa legitimasjon? Er det nok at foreldre gjer det? Her er litt av utfordringa for vår del. Jo meir uklart regelverket er, jo vanskelegare er det å tolka, seier Gjersten.

Terje Gjertsen

SKJENKESJEF: Terje Gjersten ved Kontor for skjenkesaker i Bergen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Svært lite folk

Sist Bergen innførte lokale forskrifter, såg skjenkekontrollen at utelivet tørka inn. Den gongen varte det i to veker. No er det tre veker igjen.

Etter helgas kontroll merkar skjenkekontoret effekten.

– Det var lite folk i august, og denne helga har det vore veldig stille. I Bergen har me hatt utfordringar med køar utandørs, men når det blæs liten kuling og auser ned med regn i tillegg, er den problemstillinga i stor grad borte. Vår teori er at det vil vera mindre folk på byen dei neste vekene.

Uteliv Bergen, Zachariasbryggen

ZACKEN: Av byens over 400 serveringsstader med skjenkeløyve og 200 med serveringsløyve har skjenkekontrollen vore innom nesten alle, estimerer Gjersten. Område med høg aktivitetet og mange gjester, som Zachariasbryggen, blir hyppig utsatt for kontrollar.

Foto: Valentina Baisotti / NRK