Bergen forbyr private samankomstar med over 20 personar

Byrådet i Bergen vedtar lokal forskrift for å gå festing og sosiale samankomer til livs. – Me håpar dette kan bli ei nasjonal forskrift, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Roger Valhammer foran bord med mikrofoner

FORBYR STORE SAMANKOMSTAR: Helsebyråd Beate Husa (KrF) og byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) informerte om smittesituasjonen i Bergen fredag kl. 10.

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På ein pressekonferanse klokka 10 informerte byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og helsebyråd Beate Husa (KrF) om utviklinga av koronasmitten den siste veka.

– Det finst enno inga vaksine eller effektiv behandling av covid-19 og me har erfart kor smittsamt og dødeleg viruset er, innleia byrådsleiaren.

Deretter la han ned forbod mot private samankomstar med meir enn 20 personar med umiddelbar verknad.

For offentlege arrangement med arrangør gjeld framleis taket på 100 personar.

– Det som i dag blir eit nasjonal råd, blir i dag eit påbod.

FADDERUKE:

TETT: Faddervekene har fått mykje merksemd denne veka. Hyppig nærkontakt og få smitteverntiltak har gjort fleire bekymra for auka grad av smitte.

Foto: Sjur Mikal Dolve

– Ser at rådet ikkje blir følgt

– Det vindauge me er i akkurat no, kan vera heilt avgjerande for korleis utviklinga blir framover, sa byrådsleiaren, før han viste til siste dagars festing og feiring i samband med fadderveka.

Tysdag testa ein student i Bergen positivt på covid-19. Dagen før hadde studenten deltatt i eit fadderarrangement med fleire hundre studentar i Nygårdsparken.

Onsdag innstilte Universitetet i Bergen alle fadderarrangement på kveldstid. Høgskulen på Vestlandet la samstundes ned forbod mot alkohol.

Det resulterte i ei tredobling av festklager hos politiet, som ikkje rakk rykka ut på alle meldingar om bråk, fest og støy natt til torsdag.

Det var imot både politiet og byrådet sine innstillingar.

– I Bergen har me diverre sett, spesielt denne veka, at rådet om maks 20 på festar og sosiale samankomstar, ikkje blir følgt. Bergen kommune vedtar difor ei ny lokal forskrift, der det blir forbod å ha samankomstar utover 20 personar, sa byrådsleiar Valhammer.

pressekonf korona Beate Husa Roger Valhammer
Foto: Kaja Hauge / NRK

Trer i kraft umiddelbart

Også natt til fredag har politiet rykka ut til uvanleg mange klager om støy og bråk. Dei aller fleste gjeld festar der unge vaksne deltek.

Fleire gongar har politiet vore nøydde til å avslå utrykking.

Den nye forskrifta trer i kraft frå og med fredag.

– Eg ønskjer ikkje med dette å legga eit ekstra oppgåve over på politiet. Det er eit forsøk på å få ned talet på brot, og så har politiet med denne forskrifta andre sanksjonsmoglegheiter enn dei hadde før, seier byrådsleiaren om den nye forskrifta.

Sanksjonane for brot på påbodet vil vera dei same som for øvrige brot på smittevernlova.

– Det vil kunne vera bøter eller meir alvorlege sanskjonar. Her er det politiet som har sanksjonsmoglegheit, seier Valhammer.

Uvisse før konfirmasjonshelg

I helga er det planlagt fleire konfirmasjonar i Bergen. Dette er markeringar som blei sett på vent i samband med pandemisituasjonen i vår.

– Kva med dei som har planlagd festar og konfirmasjonar?

– Eg går ut frå at dei allereie har planlagd for berre 20 personar slik FHI sine råd allereie tilseier. Med mindre dei har ein arrangør som eg går ut i fra at de allerede har planlagt for bare 20 personer slik FHI sine råd allerede er. Med mindre dei har ein arrangør som varetar smittevernstiltak, svarar Valhammer.

12 nye smittetilfelle

Det er avlagt 12 positive covid-19 testar denne veka i Bergen, viser ferske tal. Kommunen har gjennomført 2422 testar frå måndag til fredag.

– Dette er me uroa for, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Valhammer meiner norske innbyggarar må finna tilbake til den varsemda som blei utvist i samband med utbrotet i midten av mars.

Roger Valhammer foran bord med mikrofoner

FORBOD MOT FEST: Fleire enn 20 personar på private samankomster blir ulovleg i Bergen kommune.

Foto: Helena Viktora Johnsen / NRK

Aukar testkapasiteten

Bergen kommune rustar opp testkapasiteten og etablerer fleire testsenter.

Ein drop-in-teststasjon på Laksevåg opnar frå onsdag 19. august.

– Kommunen meiner drop-in-testing har vist seg for å vera effektivt, mellom anna fordi ein unngår at folk ikkje møter til time, seier helsebyråd Beate Husa.

Bergen ønskjer også å opna ein testasjon i Bergen hamn for å utføre fleire testar på grensa, men òg for bergensarar.

Status Norge

Sist oppdatert: 28.09.2020
801
Siste uke
19
Innlagt
274
Døde