Hopp til innhold

Reagerer på tilrettelegging i naturen: – Alle kan ikkje gå over alt

Overalt i Noreg vert det tilrettelagt slik at fleire kan oppleve den vakre naturen. Men, det er ikkje berre positivt, åtvarar turpåverkarar.

Sti som er tilrettelagt for tur

KANALISERING I NATUREN: Steinane bidreg til at stien vert tydelegare for turgåarane.

Foto: Heidrun Sunde Stokke

– Eg er i utgangspunktet imot alle inngrep i naturen, seier villmarking Jens Kvernmo.

For å gjere friluftslivet meir allment har ein auka tilrettelegginga av turstiar og fjell. På dei siste ti åra har det vorte nær 11.000 kilometer meir turvegar, turstiar og løyper i landet, viser tal frå Statistisk sentralbyrå

Små inngrep i naturen for tilrettelegging kan også gjere villmarka mindre.

Noreg er verst i Europa på å bygge ned grøntområde i rasande fart, kunne NRK vise, i samband med journalistar frå ti europeiske land.

Merking av sti med tau
Luftfoto av bygging av sherpasti oppover mot Eggenipa i Gloppen kommune

Merking av sti med tau og trapper er inngrep som påverkar tapet av naturen vår.

Foto: Heidrun Sunde Stokke, Steinar Lote / NRK

Kanalisering i sårbar natur

Turmerking og sokalla kanalisering har både fordelar og ulemper.

Kanalisering av turstiar vil seie å skape effektive transportårer i nærmiljøet, for å ta vare på sårbar og urørt natur.

Før kanaliseringa vart stien stadig våtare og ekspanderte i myra.
Myr som vart øydelagt av turgåarar
Etter at stien vart kanalisert har ein flytta ferdselen vekk frå den våte myra.
Turstien vart kanalisert for å hjelpe naturen og turgåarane.

Sjå korleis stien ser ut etter kanaliseringa vekk frå den våte myra. No er stien betre for turgåarar og hindrar unødig slitasje i terrenget.

Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

– Det er viktig for menneske å vere i naturen. Kanalisering kan vere eit godt tiltak for å verne sårbar natur og dyreliv, seier Benedicte Garfors, leiar i Naturvernforbundet i Sunnfjord.

Den norske turistforeining (DNT) har merka stiar i over 100 år.

– Merking og skilting av sti kan bidra sterkt til å styre og gjere ferdsla tryggare i eit sårbart område, seier Anne-Mari Planke, avdelingsleiar for natur og friluftsliv i DNT.

I ein rapport frå 2023 kunne Miljødirektoratet vise at tapet av villmark i Noreg skjer i eit raskare tempo enn tidlegare.

Villmarksprega natur må ligge minst fem kilometer unna naturinngrep frå menneske som veg, jernbane, steinbrot og energiutbygging.

  • Jens Kverno på slede med hundar bak
    Jens Kvernmo

    Jens Kvernmo er i utgangspunktet imot alle inngrep i naturen.

    – Det er ein uting å bygge trapp på alle fjell. Eg er redd det ikkje vil vere att noko villmark til barnebarna våre, seier Jens Kvernmo.

    Han meiner at alle skal ha moglegheit til å oppleve naturen, men at alle fjell og vidder ikkje må vere tilgjengelege.

    – Vi skyt oss sjølv i foten kvar gong vi øydelegg noko. Eg er i utgangspunktet imot all tilrettelegging og naturinngrep, seier villmarkingen.

  • ein person og ein hund som går på et steinete elveleier
    Marius André Jenssen Stenberg / NRK

    Inkludering i naturen er bra

    – Vi må ta vare på den urørte naturen vi har framfor å bygge sherpatrapper overalt, seier turpåverkar Une Cecilie Oksvold.

    Ho er for inkludering i friluftslivet og naturen, men meiner at alle må kjenne sine grenser på kor ein bør gå og samstundes ta vare på naturen.

    – Alle treng ikkje kome seg opp alle plassar. Det finst mange kortreiste turar dei fleste kan gå, seier turpåverkaren.

  • Sigurd Felde

    Tinderettleiar er skeptisk til trapper overalt.

    – Alle treng ikkje kome seg opp på dei ikoniske fjella våre, som Eggenipa og Hornelen.

    Tinderettleiar Sigurd Felde meiner trapper ikkje skal eskalere til alle fjell. Dei som vil gå fjellturar burde heller tileigne seg kompetanse i staden for at ein skal legge til rette overalt.

    – Vi mistar litt av magien i fjellet når ein bryt ned fjella til eit allment nivå og fjernar kompetansekrav.

  • Turgåar Nils Helgheim
    Heidrun Sunde Stokke / NRK

    Nøgd med ny sti

    Nils Helgheim er på tur i Nordheia i Førde og synest den tørrlagde stien er mykje betre.

    Før stien vart tilrettelagt gjekk han mykje mindre tur her.

    – Det var vått og grisete før. No er det mykje enklare å følge stien, seier den nøgde turgåaren.

Tilrettelegginga gjorde turen betre

I Førde er den populære stien til Nordheia eit godt døme på at utbetring av stien har fått positive følger.

Her ekspanderte stien fordi mange turgåarar ville gå tørrskodd på fjellet. Myra vart nedtrakka og våt. Det førte til at mange gjekk utanom den etablerte stien.

  • Turstien er utbetra med trapper og klopper

    Stien vart enklare å gå med trapper og klopper.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • Gammal og ny sti

    Stien gjekk før over det våte område. Med den nye stien er det mykje lettare å sjå kor ein bør gå.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • Bygging av bruer på turstiar

    Gode bruer er viktig for å unngå at stien blir gjørmete rundt bekkar og elver.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • Graving av grøft rundt sti er smart

    Graving av grøfter rundt stien fører til at han ikkje vert øydelagt av vatn.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • Stien er enkel å sjå

    No er det mykje enklare å sjå kor stien til Nordheia går.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

Turlaget såg at det var nødvendig å legge til rette stien, for å unngå enda meir slitasje.

Kjell Arne Hjellbrekke er turleiar i Indre Sunnfjord turlag, og har lagt ned mange timar med dugnad for å utbetre Nordheia-stien.

Kjell Arne Hjellbrekke grev i sti

– Hiv staven og kjøp deg eit grev, seier Kjell Arne Hjellbrekke. Sjølv har han alltid med seg grev på tur for å kunne grave betre grøfter rundt stien.

Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

– Hadde ikkje steinane vore her, hadde det vore mykje verre. Det går fint om nokon går litt utanfor. Problemet er når alle gjer det, seier turleiaren.

Naturkrise

– Menneske påverkar natur og dyreliv meir enn vi er klar over, seier Benedicte Garfors i Naturvernforbundet, og meiner at vi må verte meir bevisste naturkrisa vi står overfor.

Det er turpåverkarane einige om.

– Det må vere lov å ha nokre turperler som er litt skjult. Vi må ikkje følgje straumen der alle går, seier Une Cecilie Oksvold.

Jens Kvernmo synest alle treng ein fjelltur i livet, men at ikkje alle fjell må vere merka.

– Det er deilig å gå med kompasset og følge sin eigen veg også, oppfordrar Kvernmo.