Hopp til innhold

Her vil dei lage utkikksrampe: – Kva blir det neste? Rekkverk på Preikestolen?

Nasjonalparkstyret vil byggje utsiktsrampe ved Nord-Europas høgste uregulerte foss. – Eit monument over «disneyifiseringa» av norsk natur, seier kritikar.

Vettisfossen

VETTISFOSSEN: Utladalen er verna som landskapsvernområde i medhald av naturmangfaldlova, og det inneber at nye tekniske inngrep er underlagt særs strenge vurderingar

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Halvannan times gonge frå garden Hjelle inst i Sognefjorden, styrtar Nord-Europas høgste uregulerte foss 275 meter rett ned.

Vettisfossen, som han heiter, vart freda ved kongeleg resolusjon i 1924: «(...) mot ødelæggelse eller beskadigelse eller forandringar», heitte det.

Ved denne fossen vil Nasjonalparkstyret no byggje ny utsiktsrampe. NRK presiserer: Det finst i dag ein rampe i tre på same stad (sjå bilete lengre ned).

«Ideelt ville ein lagt til rette for at ein kunne sjå heile foten av fossen frå utsiktspunktet, men det let seg ikkje gjere utan at inngrepet i landskapsvernområdet blir for stort», skriv dei i eit brev med Statsforvaltaren i Vestland på kopi.

Utladalen har vern gjennom naturmangfaldlova, som gjer at alle inngrep er underlagt strenge vurderingar.

Nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen, Eldrid Nedrelo, seier til NRK at plattforma skal vere «so minimalistisk som mogleg».

– Ho skal ikkje konkurrere med naturverdiane. Fossen er den store attraksjonen i seg sjølv, seier ho.

Det er framleis tidleg i prosessen, og for tidleg å seie om nasjonalparkstyret får viljen sin.

Saka skal opp til høyring i Årdal kommune.

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

SKISSE AV PROSJEKTET: «Ideelt ville ein lagt til rette for at ein kunne sjå heile foten av fossen frå utsiktspunktet, men det let seg ikkje gjere utan at inngrepet i landskapsvernområdet blir for stort», skriv Nasjonalparkstyret.

Foto: Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen
Nasjonalparkstyret vil byggje ny utsiktsrampe ved Nord-Europas høgste uregulerte foss.

SLIK ER DET I DAG: Her vil Nasjonalparkstyret byggje ein ny utsiktsrampe.

Foto: Nasjonalparkforvaltar

Jakta på det perfekte biletet

Fotturistar som tek sjansar under fotograferinga, er ein del av argumentasjonen for rampa:

«Ei utsiktsplattform som går ut over kanten kan hindre at folk går på utsida av gjerdet for å få beste biletet av fossen», står det i brevet.

Ved Vøringsfossen i Eidfjord har jakta på det perfekte biletet ført til at turistar har styrta i døden.

Dagleg leiar i selskapet som skal teikne plattforma, Alf Selnesaunet, seier utsiktspunktet skal vere taktfullt og vil leie gangtrafikken til faste stiar.

– Då kan nedtrakka planteliv etablere seg på ny, seier han.

Men også rampe-konstruksjonar set spor etter seg, og ikkje alle meiner det er verdt å veksle inn urørt natur i tilrettelegging og større tryggleik.

– Eit overgrep, sa SVs Arne Nævra, då gangbrua over Vøringsfossen stod klar.

Eventyrar og forfattar Stein P. Aasheim kalla den same brua «ei valdtekt av ein av Noregs flottaste naturattraksjonar».

– Symbol på «disneyifiseringen» av norsk natur

Arkitektskribent Gaute Brochmann kvitterte med at det er «ingen fuglar, pattedyr, insekt eller planter som synest brua er eit stort problem».

– Det er altså ikkje naturen, men natursynet til Stein P. Aasheim som er utsett for eit overgrep av denne florlette brukonstruksjonen, skreiv han i Morgenbladet.

Det same gjeld for Vettisfossen, seier Andre Horgen ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving i Bø.

– Personleg blir eg ikkje nemneverdig provosert av dette, seier han.

Men det blir professor i økologi ved Universitetet i Bergen, Vigdis Vandvik.

– Kva blir det neste? Rekkverk på Preikestolen? spør ho.

Ho kallar plattforma ved Vettisfossen eit symbol på «disneyifiseringa» av norsk natur.

– For meg er disse tilretteleggingane monument over manglande respekt for naturen og dens behov. Det er tragisk, for vi burde vite betre.

Dag Olav Hessen har skrive bøkene Verden på vippepunktet og Landskap i endring.

– Eit så spektakulært naturområde må få tale for seg sjølv, utan tilrettelegging, seier han.

Vettisfossen

UTSIKT: Sjølv om det ikkje har vore noko ulykke er parkforvaltarane kjende med at folk beveger seg ut på kanten for å ta bilete.

Foto: NRK

– Lært av fiaskoen ved Vøringsfossen

Då konstruksjonen «Utsikten» på Gaularfjellet vart opna i 2016, kalla Miljøvernforbundet det «ein invasjon av verdas flottaste landskap».

Ved marmorslottet i Rana i Nordland har besøkstala sett forholdet mellom menneske og natur på prøve. I eit forsøk på å redusere slitasjen har nasjonalparken bede turistane om å gå berrbeint.

Også sherpatrappene har vore kontroversielle.

– Det er ikkje ein menneskerett å komme seg på alle toppane i Noreg, sa tindevegleder Sigurd Felde til NRK i fjor sommar.

Christian Steel er generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima.

– Trenden med plattformer og bruer er naturskadeleg, sjølv om det høyrest betre ut med ein diskré plattform enn brumonsteret ved Vøringsfossen, seier han.

Også Noregs Naturvernforbund, Truls Gulowsen, meiner plattforma ved Vettisfossen stiller i ein annan kategori enn «brumonsteret» i Hardanger:

– Det høyrest ut som om tilretteleggarane har lært av fiaskoen ved Vøringsfossen, og det er bra. Vi ser ikkje noko prinsipielt gale i å legge til rette skånsamt ved mykje besøkte, farlege og lett tilgjengelege naturattraksjonar, men anlegget ved Vøringsfossen vart som eit sirkus.

Saka vart oppdatert 8. juli 07:35 med bilete av den gamle rampa.

Trappebrua

Grunneigar er positiv til oppgradering av utsiktspunktet, men ønskjer ikkje noko stort byggverk eller tilrettelegging for opphald ut over ein trygg plass for å nyte utsikta og ta ein kort rast.

Foto: Harald Christian Eiken / Harald Christian Eiken