– Hornelen er jo Europas høgste sjøklippe, og der ynskjer vi å etablere ei klatrerute på nordaustveggen, seier Wenny Irene Hansen, som er dagleg leiar i Visit FjordKysten AS.
LUFTIGE PLANAR: Wenny Irene Hansen er dagleg leiar i Visit FjordKysten AS
Foto: PressefotoNyleg hadde dei geolog på plass for å sikre at det er forsvarleg å legge ruta der dei har tenkt.
– No har eg ikkje fått den endelege rapporten, men dei førebelse tilbakemeldingane er at det ser bra ut.
Ynda turmål
Allereie i dag er Hornelen (860 moh.) eit ynda turmål for reisande.
– Kvar år går 2000 personar til Hornelen, utan noko meir tilrettelegging enn det som er der i dag, seier Hansen.
NYTT TURTILBOD: Europas høgste sjøklippe kan få såkalla Via Ferrata.
Foto: Rolf M. SørensenI dag er det åtte såkalla Via Ferrata ruter i Norge.
Der hadde dei i 2014 nærare 4000 besøkande.– Vi veit jo at alle som har laga Via Ferrata-ruter har opplevd ein auke i besøkstalet, men eg torer ikkje seie noko tal no for kva vi kan forvente til Hornelen.
– Men populariteten til Via Ferrata ruta i Loen er noko av grunnen til at de ynskjer å etablere eit liknande tilbod?
POPULÆRT: Allereie i dag vitjar 2000 personar i året Hornelen.
Foto: Visit FjordKysten AS– Ja, det er ein trend i samfunnet at ein ynskjer å vere meir aktiv når ein er ute. Og når vi ser på Loen, er det ein inspirasjon for oss også, seier Hansen.
- Les også:
Jobbar med finansiering
SPANANDE PROSJEKT: Tom Joensen er rådmann i Bremanger.
Foto: Bård Siem / NRKSjølve Via Ferrata-ruta er kostnadsrekna til ein million kroner. Når ein tek med tilrettelegging av andre turstiar i området, parkeringsplassar og toalett endar prisen på prosjektet ein stad mellom fire og fem millionar kroner.
– No er vi ute etter ein hovudsponsor, seier Hansen.
Målet er å kunne opne Via Ferrata-ruta til Hornelen i 2017. I Bremanger trur rådmann Tom Joensen at dette kan gi eit løft til kommunen.
– Det som går på turisme er den raskast veksande industrien i verda, og utvikling av besøksnæringar har stor betydning for bulyst og attraktivitet. Kan vi få opp eit konsept rundt Hornelen, og gjere meir ut av det enn vi gjer i dag, så trur eg det kan bi svært spanande, seier Joensen.
SLIK KAN DET BLIR: Her går den planlagde Via Ferrata-ruta til Hornelen.
Foto: Visit FjordKysten AS