Hopp til innhold

Vil verne Europas høgaste sjøklippe

Hornelen, Sunnmørsalpane, Masfjordfjella og Øystesefjella kan bli nye nasjonalparkar om forslaga til Miljødirektoratet blir realitet.

Hornelen i Bremanger

KAN BLI VERNA: Hornelen 860 moh. kan bli nasjonalparkområde. Klima- og miljødepartementet skal no behandle forslaget frå Miljødirektoratet.

Foto: Mats Grimsæth

– Det er jo ein gledens dag. Det er fantastisk at landskapsverdiane og friluftsverdiane som er i desse fjellområda vert sett pris på, seier Helene Ødven frå DNT vest.

Ifølge Ødven har innsatsen vore langvarig.

– Det kitla i magen då eg fekk vite dette i går. Det har vore jobba med desse sakene i oppimot 40 år.

Helene Ødven ute i området ved Hornelen

ENTUSIASTISK: Helene Ødven i DNT Vest ute i området ved Hornelen.

Foto: Andre Marton Pedersen

– Så lenge det er i samsvar med det som alt er etablert av næring ønskjer vi svært gjerne å få det omgjort til nasjonalpark, seier Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger kommune (Ap).

Noreg har i dag 47 nasjonalparkar, men no kan talet auke. Miljødirektoratet har foreslått at Hornelen i Bremanger og tre andre område på Vestlandet blir vurdert som moglege nye nasjonalparkar.

Det betyr at Europas høgaste sjøklippe på 860 meter kan kome innanfor omfattande vern.

– Vi har gjort merksam på at her ein detaljreguleringsplan for Via Ferrata på Hornelen som er vedteken og under arbeid. Kan vi kombinere nasjonalpark med Via Ferrata vil det vere glimrande, seier Førde.

Også Sunnmørsalpane i Ørsta, Masfjordfjella i kommunane Alver og Masfjorden og Øystesefjella i kommunane Kvam, Samnanger og Vaksdal er foreslått som nye nasjonalparkar.

– Glad styresmaktene ser verdien

I nasjonalparkane er det ulovleg å gjere inngrep som skadar verneverdiane. Det er av den grunn ikkje lov å byggje nye vegar og hytter, etablere gruvedrift eller regulere vassdraga.

Sara Hamre Sekkingstad (Sp) er ordførar i Alver kommune. Her er Masfjordfjella foreslått verna.

– Eg er glad for at miljøstyresmaktene ser verdien av dette området med urørt natur. Det er eit område som er viktig å ta vare på for generasjonane som kjem etter oss, seier Sekkingstad til NRK.

Ordføraren seier dei no må sette seg inn i kva betydning forslaget vil ha for kommunen dersom det blir realitet, og er glad for at styresmaktene vil ha dialog med berørte kommunar.

Masfjordfjella har vore omtala som eit aktuelt område for vindkraftutbygging. Blir området nasjonalpark håpar Sekkingstad det blir sett ein stoggar for.

– Vi er tydeleg mot vindkraft i fjellområda våre og det skal vi fortsette å vere, seier ordføraren.

Kan få endra vernestatus

Nasjonalpark-forslaga er ein del oppfølginga av stortingsmeldinga om naturmangfald frå 2016. Ein del andre forslag er per no lagt vekk grunna manglande lokal støtte.

– For at vi skal foreslå nye nasjonalparkar må det vere ein viss aksept i kommunane som er berørt. God dialog med kommunane er også heilt avgjerande for eventuell vidare prosess, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

I tillegg til dei fire nye nasjonalparkane, har direktoratet også foreslått at åtte eksisterande nasjonalparkar blir utvida og at seks landskapsvernområde blir omgjort til nasjonalparkar.

Eitt av dei er Ålfotbreen, også det i Bremanger. To nye område med nasjonalparkstatus i kommunen vil vere eit pluss, meiner ordføraren.

– Det er område vi gjerne vil sette meir på kartet. Der er mykje gammal kultur og verneverdige område i Hornelen- og Ålfotbreen-området, seier Førde.

Forslaga skal no til behandling i Klima- og miljødepartementet.