Skaasheim får plassen som høgrebekk i Sogndal sitt skadeplaga forsvar. Den unge balestrendingen fekk proffkontrakt for berre nokre dagar sidan, etter at han skreiv under med Sogndal tysdag denne veka.
- LES OGSÅ:
Nyinnlånte Jasmin Mecimovic får også sin debut saman med Hannu Patronen i Sogndal sitt midtforsvar. Det betyr at ein anna unggut, Gustav Valsvik, er tilvist til benken i opningskampen. Valsvik må altså vike for dei to utanlandske midtstopparane som også får med seg Tajo Teniste.
På midtbana har Olssen valt ut Tonny Brochmann, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen. Medan Malick Mane og Ulrik Flo spelar heilt på topp.
På benken er: Leif Lysne, Eirik Bakke, Tore André Flo, Gustav Valsvik, Stefan Aase, Ruben Holsæter og Stian Dyngeland.
Du kan følgje kampen mellom Odd Grenland og Sogndal direkte her.
(Artikkelen held fram under biletet)
ELITESERIEN: Jonas Olsson møter Odd Grenland i sin første kamp i eliteserien.
Foto: ScanpixElddåp for Jonas Olsson
Klokka 18 i kveld brakar det laust. Jonas Olsson skal vise kva Sogndal duger til med han ved roret. Det blir nødvendigvis ikkje noko lett match, for klubben har slite med skader heilt inn mot sesongstart.
Sogndal har blitt tippa nord og ned før seriestart. Det har vore opne hol i forsvaret heilt fram til for berre nokre dagar sidan, og seinast på fredag meldte klubben i saftbygda at mange sentrale spelarar framleis var ute med skade.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det blir altså ei tøff generalprøve for den nye Sogndal-trenaren, svenske Jonas Olsson. Når spelarane frå saftbygda i kveld entrar Skagerak Arena i Skien blir det Olsson sin første kamp i eliteserien.
Odd Grenland var sist sesong eit lag Sogndal sleit litt med. I andre runde i fjor gjekk Sogndal på ein skikkeleg smell då dei tok i mot Odd Grenland heime. Sogningane tapte då 1–4. I den 29. runden klarte Sogndal derimot å bite litt meir ifrå seg, då tapte dei berre med eitt mål på bortebane.
Klokka 18 bles dommaren i gang kampen og du kan følgje kampen spark for spark her.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: