Hopp til innhold

- Ein kamp for å overleve - igjen

Fotballekspert Jon Navarsete trur Sogndal også i år vil måtte kjempe mot nedrykk – men at dei greier seg til slutt.

Tore André Flo, Jon Navarsete og Arve Uglum

KAMP FOR Å OVERLEVE: Jon Navarsete og Arve Uglum har lenge følgt Sogndal tett. Dei meiner Tore André Flo og lagkameratane kan overleve i eliteserien.

Foto: Montasje: Tor Yttri/Scanpix og NRK

– Det blir ein kamp for å overleve i år og, eg trur på ei plassering som nummer 12 eller 13, men det kan og fort bli nedover mot 15. og 16. plass, med andre ord nedrykk.

Søndag startar alvoret med bortekamp i eliteserien mot Odd Grenland.

Førehandstipsa frå riksmedia har vore eintydig negative, og det reagerer Navarsete på.

– Eg har knapt sett det så einsidig, og det kjem frå folk som ikkje har sett Sogndal i eitt minutt, som ikkje har peiling på kva Sogndal har drive med i vinter. Dei er veldig bekymra for alle som har reist frå Sogndal.

– Sjølv er eg veldig lite bekymra for det, sjå på alt vi har fått! Dei er gode, meiner han.

Tippar Sogndal på 13.–14. plass

Fotballreporteren til NRK på Fosshaugane, Arve Uglum, trur og Sogndal overlever eller at dei i verste fall må ut i kvalifisering.

– I fjor tippa eg Sogndal på 13. eller 14. plass. Det gjer eg i år og, men i år trur eg på det, seier han.

Navarsete og Uglum har teke for seg dei ulike lagdelane og trenaren til Sogndal, og her er deira vurdering:

Målvaktene: – Udjus er klassekeeper

Jon Navarsete minnest ein BT-journalist som sa han var misunneleg på Sogndal fordi laget alltid har hatt gode keeperar.

– Han har rett. Vi har nesten heile tida hatt gode målvakter i Sogndal, og Kenneth Udjus er ein av dei, seier han.

– I fjor hadde han tre solide midtstopparar som ordna opp i mykje før det kom så langt at han måtte blande seg inn. No blir det berre to midtstopparar, så no kjem vel kvardagen for Udjus og?

– Ja, men han er ein klassekeeper. Nokre små manglar har han nok, men det vil nok dei fleste ha. Han er trygg og har ein viss autoritet, så det er eg ikkje redd for.

– Men om han blir skadd, så er det 19 år gamle Leif Lysne frå Lærdal som må ta over. Kva trur du om det?

– Slik har det vore i Sogndal før, eg trur Leif Lysne kjem til å lære fort. Han er under kunnig opplæring av Terje Skjeldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

KLASSEKEEPER: Navarsete har stor tru på Kenneth Udjus.

Foto: Rune Fossum/NRK

Forsvaret: – Ein utsett lagdel

Forsvaret, og spesielt midtforsvaret bør vere mest mogeleg uendra frå kamp til kamp, og akkurat denne lagdelen uroar Jon Navarsete:

– Der er vi litt ute og siglar, vedgår han.

– Ja, for til opningskampen mot Odd Grenland har Sogndal to forsvarar som er kampklare, Gustav Valsvik og Taijo Teniste. Og så må dei fylle på med spelarar som høyrer heime i andre lagdelar, kanskje Eirik Bakke, kanskje Ørjan Hopen, Elvis eller Henrik Furebotn.

– Mot Odd Grenland blir dette ei kjempeutfordring. Når Hannu Patronen er tilbake frå skade så har vi ein klassespelar, og det er viktig å få han i gang fortast råd. Forsvaret må fungere om laget skal greie seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hannu Patronen

HOVLAND-ERSTATTAREN: Hannu Patronen kan bli krumtappen i forsvaret.

Foto: Rune Sjøberg

Midtbana:–Den sterkaste lagdelen

Navarsete meiner midtbana blir den sterkaste lagdelen til Sogndal i år.

– Vi har gode spelarar som Elvis og Furebotn, og så trur eg Stephane Badji blir eit kraftsentrum. Så har vi spennande alternativ til dei, og Ørjan Hopen er ein av dei beste skyttarane i tippeligaen. Får han fyre av ti gonger i løpet av ein kamp, så blir det to mål.

– Ole Jørgen Halvorsen er borte, kva tykkjer du om Tony Brochmann som erstattar?

– Han er minst like god, og slike skifte må vi berre leve med. Så lenge Halvorsen ikkje var topp motivert for å spele for Sogndal og nokon vil ha han, så blir det slik. Brochmann er ballsikker, han likar å drible, han kan skape mykje på eiga hand, men han er og ein lagspelar.

– Så har vi jokerar som kan markere seg, trass i ung alder?

– Ja, vi har Stefan Aase som ligg og lurer i vasskorpa, det kan bli spennande når han slepp til. Vi får gje han den tida han treng, både han og tvillingbroren Peter når han kjem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stephane Badji

KRAFTSENTRUM: Stephane Badji er ein spelar NRK-ekspertane trur kan bli viktig.

Foto: Rune Sjøberg

Spissane: – To Flo utfyller kvarandre

Jon Navarsete har venta ei stund på at Ulrik Flo skal bli skikkeleg god.

– Eg trur han er på veg mot det no. I vinter og vår har han vist ting som tyder på at han tek det neste steget. For hans og Sogndal sin del håpar eg på det, for vi treng ei slik rå urkraft som i tillegg har ein del ferdigheiter.

– Og så har vi «bestefaren», Tore Andre Flo. Det er herleg å sjå på han, for han ser ut til å ha fått ein ny vår.

– Mange ser det som eit teikn på veikskap at Sogndal satsar på ein så gamal mann?

– Dei som meiner det kan ikkje ha fylgt godt med. Han blomstrar jo rett og slett. Om farten ikkje er den same som før er fotballhovudet like klokt.

– Kva med Malick Mane frå Senegal?

– Eg trur ikkje Sogndal har hatt ein så spennande spiss på mange år. Han kan gjere det mest overraskande, og som gamal midtstoppar veit eg at slike spissar er vonde å møte. Du veit aldri kva han kan finne på, og så har han eit rykk som kan parkere mange forsvararar. Saman med dei to Floane kan han bli ein liten dynamittgubbe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Badji, Flo, Mane

DYNAMITTGUBBE? Navarsete har sana for Malick Mane (t.h.), her saman med Stephane Badji og Ulrik Flo.

Foto: Rune Sjøberg

Trenaren: – Kanskje ikkje galen nok

Jonas Olsson kom til Sogndal framfor denne sesongen, og Jon Navarsete har fått eit godt inntrykk.

– Slik eg kjenner han er han sympatisk, grundig arbeidande og analytisk, og så har han store kunnskapar om det å spele fotball. Eg har sett han på treningsfeltet, han er ein som spelarane har tillit til, han er bestemt og veit kva han vil. Svenske trenarar er profesjonelle i måten å tenke på, både på og utanfor bana.

– Eg har og veldig positivt inntrykk av han, men eg har ei stor innvending: Han er ikkje galen. Dei beste fotballtrenarane eg har vore borti er skvettande galne. Det er ikkje Olsson, seier Arve Uglum.

– Nei, det er han ikkje, men i garderoben trur eg han kan kvesse til. Han viser det ikkje så mykje utad som mange andre som står og skrik og hoiar. Vi får sjå når alvoret kjem, meiner Navarsete.

– Eg har høyrt at etter den dårlege kampen mot Bodø/Glimt på La Manga så førde han laget roleg til garderoben, men han hadde ikkje teke høgde for kor tynne vegger det var.

– «Psyko» Olsson slo til?

– Eg veit ikkje om det er rett uttrykk, men eg trur iallfall det var ein vekkar for mange.

– Eg trur heilt sikkert han greier å formidle til spelarane kva han meiner.

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

TRENARTEAMET: Frå v. Tom Mangersnes, Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

Foto: Øystein Fossum