Hopp til innhold

Skaasheim har signert med Sogndal

Balestrendingen Eirik Bergum Skaasheim (19) signerte tysdag ei toårskontrakt med Sogndal Fotball.

Eirik Skaasheim

NYE UTFORDRINGAR: Balestrendingen Eirik Bergum Skaasheim er klar for A-laget til Sogndal.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Dermed har Sogndal fått på plass ein kjærkommen midtbanespelar før sesongstart.

– Eirik er ein målretta type som veit kva han vil, og han er lærevillig til å utvikle seg sjølv. Han har vore med oss i ei lengre periode, og vi er komfortable med at han kjem til å ta nye steg i åra framover, seier spelarutviklar Håvard Flo til sogndalfotball.no.

Har to mål for Sogndal

Skaasheim har vore involvert i spelargruppa sidan 2010, og har til saman 11 kampar og to mål for Sogndal.

Han debuterte i Tippeligaen i 1-1-kampen mot Start 7. juli i fjor. Skaasheim har starta fotballkarrieren i Balestrand, men melde overgang til Høyang som 15-åring. Han har sidan 2010 vore ein del av Sogndal 2.

Ser moglegheiter

Skaasheim sjølv er nøgd med signeringa.

– Dette er noko eg er veldig glad for. No har eg fått ei kjempemoglegheit til å utvikle meg endå meir som fotballspelar, og vere ein del av eit fantastisk miljø, seier Skaasheim.

Han legg til at debuten i fjor gav meirsmak.

– Eg er veldig klar for å gå ut på matta for å kjempe for Sogndal dei to kommande åra, seier Skaasheim.